Torsdag kveld var Bjørn Berge i Ølen for å gjera siste flikking på plata som skal komma ut i slutten av januar. Etter brannen på Ljoshall natt til måndag må kontoret til Kjetil Ulland på A1 Grafisk brukast som provisorisk lydstudio.
— Den biten me gjer nå kan gjerast utan spesialbygd rom og me treng ikkje så mykje utstyr til dette. Det går via Mac og software og eg har fått låna høgtalarar som tilsvarer dei som brann opp. Alle innspelingar er gjort og nå er det reine mikseting, seier Kjetil Ulland, styreleiar i Lydloftet.
Bjørn Berge mista ein del råmateriale i brannen, men var trass i alt heldig fordi backupen til plata låg i Sandeid.
— Eg er så egoistisk at eg må seia eg er glad for at me hadde backup på tinga. Tenk om eg skulle byrja innspelinga nå, for det var det eg hadde tenkt på. Kjetil ville venta til det nye studioet var klart, men eg sa at me skulle byrja og heller flytta oss over til Etne viss det blei klart der, men så blei me ferdige, seier Berge.
På jakt
Nå må Lydloftet ut på jakt etter nye lokale. Allereie i romjula står innspeling av plata til Haugesund Popensemble på programmet.
— Det blir sannsynlegvis ein lokasjon i Haugesunds-området for det er det mest praktiske. Det kan bli i heimestudioet til Øyvind Staveland og Høvleriet har stilt lokale til disposisjon. Me har forskjellige alternativ, seier Ulland.
Kva som skjer med lokale for Lydloftet på sikt er usikkert.
— Viss det blir klart at det ikkje blir Ljoshall, må me sjå oss om etter alternativ, men så langt er me ikkje komne. Me har ein dialog med ungdomslaget og er innstilte på å finna ei løysing, seier Ulland.
Uerstatteleg miksepult
Onsdag hadde Lydloftet takstmann frå forsikringsselskapet på besøk.
— Me er brukbart dekka opp på utstyr, men det som er vanskeleg er den innvendige opprustinga av huset som me har gjort, og studioinnreiinga og alle timane som er brukte for å få det klart, seier Ulland.
I reint utstyr er Lydloftet forsikra for 400.000 kroner.
— Det dekkar ikkje alt og det er ting som er uerstattelege, som ein miksepult me hadde som det berre finst ein av i Noreg. Men me skal få utstyr til å få eit studio opp og gå, seier Ulland.
Etter det Grannar forstår er ikkje det gamle ungdomshuset fullverdi forsikra. Ungdomslaget er i forhandlingar med forsikringsselskapet.
— Me har ikkje gitt opp og undersøker nærare om me får fullverdi forsikring. Det vil ta si tid, seier Geir Davidsen, leiar i Ungdomslaget Fram. Utover det ønskjer han ikkje å kommentera forsikringa.
Det har ikkje mangla på støtteerklæringar etter brannen, og både Davidsen og Ulland er takksame.
— Eg er imponert over måten folk bryr seg på. Det er rørande og varmande. Det er ei tung sak og me har mista noko kjært, seier Davidsen.
— Me får enormt med sympati og støtteerklæringar frå folk flest, og voldsamt mykje frå bransjen. Me set stor pris på omtanken, seier Ulland.