Lydstudio på skinner

— Nå er me på skinner igjen. Dette er ein fantastisk stor dag for oss. […]

— Nå er me på skinner igjen. Dette er ein fantastisk stor dag for oss. Det har vore ei tung tid for alle oss involverte, seier Nils Halleland i Lydloftet.
Grannar skreiv 29. desember at Lydloftet vurderte gamleskulen for drifta av lydstudioet sitt etter brannen på Ljoshall. Under støttekonserten på Byscenen i Haugesund i går sleppte ordførar Amund Enge nyheita om at avtalen er i boks
— Lydloftet får disponera huset så lenge dei vil utan kostnadar, men dei må muligens betala forsikring for huset. Lydstudioet skal ikkje kosta kommunen noko og det blir svært billeg for Lydloftet, seier Enge.
— Nå blir me her, definitivt. Når me flyttar inn i eit hus kan me ikkje satsa kortsiktig, seier Halleland.

Optimistiske
— Me er spente på kva me kan få til her. Nå har me trua på at me skal lykkast, seier Halleland.
Før gamleskulen kan tas i bruk som lydstudio, må Lydloftet gjera ein god del investeringar.
— Me må bygga litt om, for eksempel ved å dela inn rom og isolera mellom etasjane slik at me får fleire typar arbeidsrom, seier Halleland.
— Korleis blir det å ta fatt på dette arbeidet etter alle timane som blei lagt ned på Ljoshall?
— Det er ikkje så tungt som ein skulle tru. Då alternativet ikkje stod der, verka det motlaust, men nå har me eit hus. Me er optimistar og går på med krum hals, seier Halleland.

Liknar Ljoshall
Gamleskulen på Enge har mange likskapstrekk med Ljoshall.
— Ljoshall hadde sin personlegdom, men teknisk sett blir det vel så bra sjølv om me saknar bjelkane på Ljoshall. Arkitektonisk sett hadde Ljoshall ei spesiell løysing, seier Halleland, som ikkje ser bort frå at dei også finn på noko spennande med gamleskulen.
Han reknar med at lydstudioet er oppe og går til sommaren.
— Me kjem til å stå på for å komma i gang så fort som mogleg, seier Halleland.

Motivert av støtta
Den massive støtta frå musikkmiljøet i Haugesund etter brannen har gjort inntrykk.
— Når me ser artistutsagn frå Haugesund og kva vekt dei legg på å ha eit lydstudio i distriktet, blir me motiverte. Kommunen har også vore kjapp i svingane og har forstått alvoret. Det gir oss ein ekstra piff, seier Halleland.
— Det er veldig viktig for oss at kompetansen og dei moglegheitene som Lydloftet fører med seg, blir verande i bygda. Det har me vore bevisste på, seier ordføraren.
I dag held kulturskulen og undervisninga for framandspråklege elevar til i gamleskulen. Undervisninga blir flytta til nye Enge skule, og kulturskulen kjem i ein periode til å dela på gamleskulen med Lydloftet.
— Etter kvart kjem kulturskulen til å ha fleire av sine aktivitetar på kulturhuset. For kulturskulen vil det berre vera positivt, seier Halleland, som også er rektor ved kulturskulen i Etne.