Lynbesøk hos familien

Er du blant dei mange som lurte på den uvanlege flyaktiviteten over Grannar-bygdene tysdag føremiddag? […]

Er du blant dei mange som lurte på den uvanlege flyaktiviteten over Grannar-bygdene tysdag føremiddag? Her er svaret:
Piloten som er stasjonert på Ørlandet hovudflyplass i Trøndelag, la ein snartur innom heimlege strøk då han var på øvingsoppdrag i Sør-Noreg.
— Han ringte kvelden før og sa me måtte fylgja med neste dag, fortel faren frå Skjold til Grannar.
Vel ein halv time etter at flyturen starta kl 09.30, dukka kampflyet frå 338-skvadronen opp over bygda. Og med den lokale piloten bak spakane gjorde det ein runde før det forsvann nordover.
Faren tør ikkje spå kor lågt F16-flyet flaug, men fort gjekk det og duren var godt merkbart. Også mange andre i distriktet fekk med seg det spesielle flybesøket. Blant desse var ein kompis av piloten, som observerte flyet frå Vatndal i Vats.
Den unge vindafjordingen var ferdig utdanna pilot frå USA i fjor og starta i haust verneplikttenesta. Tysdagens oppdrag var den første langturen åleine i F16-flyet for skjoldabuen.
Kampflyet snudde i Sørfjorden før det returnerte nordover langs kysten over Etne og Vindafjord.