Lysløype i Etnefjellet

Leiar i skigruppa i Etne idrettslag, Jon Oddvin Moe, seier til Grannar at dette er […]

Leiar i skigruppa i Etne idrettslag, Jon Oddvin Moe, seier til Grannar at dette er svært positivt og at dei nå kan gå vidare med planane. Leiar i fjellaget, Johannes Onstein, seier at laget ikkje har argument mot den planlagde lysløypa, men presiserer at ein endeleg avtale mellom fjellaget og skigruppa må godkjennast på eit ekstraordinært årsmøte i fjellaget til hausten.

Ønsket om å få ei lysløype i det aktuelle området blei tatt opp tidleg på 1990-talet. Så det er ein gammal draum som nå kan bli oppfylt. Skigruppa i Etne Idrettslag håpar å få betre rekruttering og større aktivitet i skisporet med ei lysløype. Snøfattige vintrar i mange år har ikkje spora til særleg aktivitet. Jon Oddvin Moe håpar ei lysløype kan skapa meir stabile forhold slik at det er lettare å planleggja og avvikla renn.

Ei lysløype i Etnefjellet er eit positivt tiltak som alle må ønska velkomme. Spesielt for aktive skiløparar, men også for alle andre som likar å gå på ski. Ei lysløype er også eit populært tilskot for reiselivet og andre som driv med næring. Til fleire tilbod, til betre grunn til å stoppa i bygda.
I området Hjørnås/Skarstøl er det frå før god infrastruktur med Etne Røde Kors si hytte og varmestove. Kjell Reidar Gravelsæter i Etne Røde Kors, som samarbeider med skigruppa om lysløypa, seier at ei lysløype i tillegg blir eit kjempetilbod.

Erik Kvalheim i Etne kommune, helsar også ei lysløype velkomme og meiner det er positivt at grunneigarane nå har gitt klarsignal. Eit vilkår for å etablera ei lysløype, er at vegen opp Kritlelia er open heile året, og ikkje som nå blir opna til vinterferien. Men det bør vera ei enkel sak for kommunen å fiksa, slik at ei lysløype kan opnast om ikkje altfor lenge.
.