Lyspunkt i mørkret

Folketalet går drastisk nedover og økonomien i kommunen er på botn. På budsjettmøtet i kommunestyret […]

Folketalet går drastisk nedover og økonomien i kommunen er på botn. På budsjettmøtet i kommunestyret 13. desember skal politikarane mellom anna avgjera framtida til Fjæra og Rygg skular, samt Rygg barnehage. Det ligg inne forslag om nedlegging anten av Fjæra skule eller Rygg skule. Rygg barnehage er heller ikkje freda. Inntaket neste år vil avgjera om barnehagen får leva vidare.

Det er Kunnskapsløftet, som skal gjelda frå august 2006, som ligg til grunn for fylkeskommunen si satsing i Etne. Etne vidaregåande skule skal få heile løpet i mediefag og kommunikasjon, vg 1-2-3. Det betyr eit nytt tredje år for dei som ikkje vel å gå ut i lære.

Hordaland fylkeskommune har varsla at dei gjerne vil ha den vidaregåande skulen, med unntak av den mekaniske avdelinga på Tesdal, inn i det planlagde kulturhuset i Etne. Men slik den økonomiske situasjonen er i kommunen i dag, er det vel temmeleg usikkert kva tid eit eventuelt nytt kulturhus kan takast i bruk.

Etne kommune må i samarbeid med Hordaland fylkeskommune derfor arbeida for å finna eit alternativ som kan tilfredsstilla kravet til ein større skule. Det treng ikkje vera så vanskeleg oppgåve. Når det nye kjøpesenteret står ferdig neste haust, er det fleire ledige bygg i sentrum. Her gjeld det å snu seg for å finna ei løysing som kan tena alle partar. Ein moderne skule som dette må for all del ikkje stranda på mangel av lagleg husrom.