Må aldri gi fred

Stoltenberg og hans våpendragarar si fine innpakking om at det totale bildet av samansettinga av […]

Stoltenberg og hans våpendragarar si fine innpakking om at det totale bildet av samansettinga av statsrådar, statssekretærar og politiske rådgivarar til saman er rundt 50 prosent av kvart kjønn, er ikkje mindre enn ei bortforklaring om kva dette handlar om. Nemleg makt. Dei som har følgt med i det politiske spelet nokre år, kjenner lusa på gangen.

Det er ikkje meir enn 20-25 år sidan likestilling mellom kvinner og menn første gong var tema når dei politiske kabalane skulle leggjast lokalt og sentralt. Minnest ein episode frå Etne kommunestyre på slutten av 70-talet. Under valet av formannskap, hovudutval og nemnder, blei ordføraren gjort merksam på at her var det skeiv fordeling mellom kjønna. Han repliserte med at kvinnene tok det igjen i valet av innkvarterings- og forsyningsnemnder (ved mogleg mobilisering). Dei nemndene, som hadde ei lang rekkje namn frå alle krinsane, var nemleg så godt som støvsugde for menn!

Om ikkje Jens Stoltenberg har gått like langt, er tendensen den same. Går ein langt nok nedover i rekkjene, oppnår ein nok 50 prosent av begge kjønn til slutt.
Men den skeive kjønnsbalansen er ikkje berre Jens Stoltenberg si skuld. Kvar var alle kvinnene han har rundt seg når posisjonane blei fordelte? Det er like mykje deira ansvar å passa på at samansettinga mellom kjønna blir likeleg fordelt. Einaste orsakinga deira er at dei har sove i timen. Samanliknar me med fotball, er Rosenborg eit godt eksempel på det. Dei blei norske seriemeistrar så mange gonger at dei til slutt tok seriemeisterskapen som sjølvsagt. Det har dei fått svi for denne sesongen. Det er den same svien kvinnene i Arbeidarpartiet nå opplever. Dersom tilliten og trua på fullverdig likestilling skal gjenopprettast, må kvinnene klatra opp på barrikadane igjen. Dei må aldri gi fred.