Det er lokaliseringsdebatten den siste tida som har fått Dagfinn Torstveit til å tenna. Det siste er ordførar Arne Bergsvåg i Ølen sitt innlegg i Grannar torsdag, der han forsvarer plasseringa av eit felles PPT-kontor i Vikedal.
— Bergsvåg skriv det sjølv at Vikedal ikkje er den beste plasseringa. Mitt poeng er omsynet til kva som blei sagt til folket då dei gjekk til val. Ølen som senter var ein del av grunnlaget for samanslåinga av dei to kommunane. Det er for tafatt å ikkje stå på det. Det me treng minst nå er ein gammaldags bygdestrid på same vis som i gamle Vindafjord. Det var ein gong illustrert med to karar som sat i ein robåt og rodde kvar sin veg, seier Torstveit.
Ikkje til Vikedal
— Det me treng nå er eit kommunesenter som har eit utviklingspotensiale i konkurranse med andre senter i regionen, seier Torstveit.
Han legg ikkje skjul på kvar han står i lokaliseringsdebatten, mellom anna kvar PPT-kontoret skal vera.
— Vikedal går ikkje under om ikkje deler av den kommunale administrasjonen blir lagt dit. Vikedal har store utviklingsmoglegheiter når det gjeld turisme. Det er på det området me må satsa der, understrekar Torstveit.
Men sjølv om han meiner Ølen skal vera senter, ser han likevel at kommunehuset i Sandeid må nyttast.
— Eg og ser jo at me må bruka det nye rådhuset i Sandeid. Det vil kosta for mykje å ikkje nytta det. Men administrasjonen på to plassar får vera nok. Det er jo også kort avstand mellom Sandeid og Ølen, seier Torstveit.
Han har ikkje mykje til overs for synet til dei politikarane som vil ha ei mellombels løysing på to-tre år.
— Det meiner eg er urederleg. Me kan lika godt hoppa i det som å krypa i det. Om det er kommunevalet og stemmene frå Vikedal som ligg til grunn for det, veit ikkje eg. Men det er for smått å tenkja på den måten. Eg saknar vilje til å tenkja strategisk, heilskapleg og langsiktig. Tida er inne nå. Det er nå det må skje. Politisk taktikk har eg ingen sans for, seier Torstveit. Han oppmodar sine politiske kollegaer om å ta fram eit kart over området Haugesund, Aksdal, Ølen og Etne.
— Då er det ikkje tvil om kvar senteret her inne må liggja, slår Torstveit fast.
Vil ha ny runde
Torstveit vil ha ein ny runde om lokaliseringa av PPT-kontor og andre tenester opp på møtet i fellesnemnda 21. juni.
— Då får me gi oss tid til å tenkja ein gong til. Når det gjeld ledige lokale, har eg ein mistanke om at alt ikkje er gjort for å finna noko som passar. Det går jo an å selja det gamle kommunehuset til dømes. Eg vil stilla spørsmål om kor mykje trykk det er lagt ned i arbeidet med å finna laglege lokale, seier Torstveit.
Han er også klar til å ta desse spørsmåla opp i den kommande valkampen.
— Me må trø til nå. Det er nå toget går. Nå har politikarane høve til å bevisa om dei har handlekraft. Eg er heilt klar på kva eg vil. Så er det opp til folket kva dei vil ha, seier ein kamplysten ordførarkandidat frå Høgre.
— Må byggja opp Ølen som senter
Det er lokaliseringsdebatten den siste tida som har fått Dagfinn Torstveit til å tenna. Det […]