Må fornye stadion – går for kunstgras

Både Ølen Idrettslag og GrannKam har samla seg om at det er på tide med […]

Både Ølen Idrettslag og GrannKam har samla seg om at det er på tide med kunstgras på stadion i Ølen. Begge klubbane skal ha kunstgras som det mest sentrale punktet på dagsorden på årsmøta om kort tid.
Dagens grasmatte er ein propp for fotballen og tilfredsstiller ikkje behovet for trening og kampar.

Opp på årsmøte
— Styret i Ølen idrettslag er innstilt på å ta dette løftet og gå inn for omlegging til kunstgras. No er det opp til årsmøtet å bestemme, og vi håpar på litt diskusjon og engasjement, og eit klart mandat om å gå vidare, seier Johnny Vik, leiar i Ølen Idrettslag.
Det same mandatet ber fungerande leiar Leif Kro om av årsmøtet i GrannKam. Men i begge laga er det så langt stemning for å leggje om grasmatta til kunstgras.
— Eg trur ikkje vi har anna val enn å bestemme oss for dette no. Det har i lang tid vore eit trykk på kapasiteten og det må gjerast noko med bana, seier Vik.
— Problemstillinga blir ikkje mindre aktuell i tida framover. Det er ein av dei dårlegaste grasbanene i regionen det blir spelt seriefotball på, seier Leif Kro.

Slepp fotballen fri
— Vi må tenkje breiddefotball og brukstid, og då er kunstgras det rette. Det blir fleire som kan bruke banen og vi får stabile tilhøve heile tida. Alternativet er å leggje heilt ny grasmatte, og då synst eg valet er enkelt. Det må bli kunstgras, og så raskt som mogleg, seier Kro.
— I følgje Norges Fotballforbund er brukstida på kunstgras fire gonger så stor som på naturgras. Det vil auke kapasiteten og lette det presset vi har på grasbanen i dag. Interessa for fotball vil blomstre, seier Johnny Vik.
Med kunstgras kan dei også sleppe løkkefotballen laus på matta så sant den er ledig. Ein treng ikkje vere redd for slitasje som avgrensar bruken i dag.
Det skal ikkje rare regnbya til før Ølen stadion har problem med å svelgje unna dropane. GrannKam valde å spele alle kampane sine på Vikedal stadion i haustsesongen i fjor på grunn av tilstanden i Ølen.

Rundt seks millionar
Nytt kunstgras betyr meir fotball om hausten og vinteren, og investering i lys er med i planane. Det er Ølen idrettslag som eig banen. I ei utbygging må både idrettslaget og GrannKam trø til. Ingen av dei er spesielt rike, og har nokre hundre tusen på bok. Det er med andre ord bruk for både tippemidlar og sponsorar for å klare ei investering på rundt seks millionar kroner.
— Norges Fotballforbund er svært positiv til kunstgras, og det kan bli aktuelt å få 2,5 millionar kroner i tippemidlar. Finansiering er avhengig av at andre også er med på løftet, og vi håpar å få næringslivet med på eit spleiselag, seier Vik.
Kro håpar det er vilje til å satse litt for å få eit kunstgrasanlegg sentralt plassert i Vindafjord. Det vil bli eit pre for distriktet, meiner han.

Håpar 2007
Ei arbeidsgruppe har arbeidd med planane ei stund og konsulentselskapet Cowi AS står bak forslaga som blir lagt fram. Kro og Vik håpar på raske beslutningar for å rulle ballen i gang. Går alt på skinner framover, meiner dei det er realistisk at kunstgras kan stå ferdig til haustesesongen 2007.
Kunstgrasbanen blir større enn dagens grasmatte, og den nye blir 110 x 71 meter. Anlegget får dermed plass til tre såkalla sjuarbanar når bana bli både breiare og lengre.
Men det betyr at løpebana må vike til fordel for ei større bane. Til gjengjeld er det planlagt ei løpestripe på den eine sida for å ta vare på idretten.
— Løpebana er ikkje fullt 400 meter og dekket er dårleg. Den blir heller ikkje brukt i dag, og ei eiga kortbane kan dekkje dette behovet til friidretten, seier Johnny Vik.
Ølen idrettslag har 242 medlemmer, der 121 er med i fotballgruppa. GrannKam har 80 medlemmer, og rundt 40 er aktive fotballspelarar.