— Jo då, det har vore travelt! Men me har vore veldig firkanta frå starten av. Me er avhengige av å ha rutinar på alt frå måltider til leggetider, seier ho.
Anita Jørstad Grindheim kom til Etne på midten av 90–talet.
— Det var den kjærleiken veit du! Eg møtte Frode då han gjekk på fagskulen på Jørstadmoen. Han greidde å lokka meg over fjellet, og sidan har eg vore her, seier Anita, som opphavleg kjem frå Lillehammer.
Norskeksamen og fødsel
Lærarutdanninga starta ho på i 2001. Saman med ein gjeng frå Etne reiste ho på høgskulen kvar fredag og hadde gruppearbeid og las på eiga hand heime.
— Eg hadde eksamen i fødsel og norsk nesten på likt, seier ho og ler.
Berre nokre timar før hennar siste eksamen det semesteret var levert, starta fødselen.
— Ungane kom til verda 1. juni, og då passa det jo godt at eg var ferdig med alle eksamenane, seier ho.
— Korleis var kvardagen som nybakt mamma?
— Firkanta! Tilværet vårt var delt inn i ein tre timars syklus. Dei første to – tre månadane var det måltid, pumping og bleieskift kvar tredje time. Eg amma alle tre til dei var fire månadar. Eg drøymer framleis om den pumpemaskina, seier ho og ler.
I august same året var det tilbake til skulebenken. Mannen, Frode Grindheim, var då heime den fredagen i veka som Anita måtte på skulen.
— Korleis var det å lese og studere i grupper med tre små assistentar?
— Det gjekk eigentleg veldig fint. Me tok som regel gruppemøta heime hos meg, og då hadde eg jo tre ekstra sett med hender som kunne hjelpe meg med dei små, seier ho.
Svigermor – eit unikum
Anita Jørstad Grindheim synest tida som småbarnsmor til tre og student, har gått overraskande bra.
— Me har fått utruleg mykje hjelp av svigermor, ho er eit unikum! Ungane har vore friske heile tida og me har halde oss til ein rutinemessig og strukturert kvardag, det trur eg har redda veldig mykje, seier ho.
No er trillingane tre år, og bleier er ein saga blott på dagtid. Etter at Barne-TV er fortært, kryp dei til køys og søv godt til neste morgon.
Anita har hatt eit vikariat ved Skjold skule i tillegg til stillinga ho har i Etne kulturskule, det siste året.
— Kva som skjer neste år, er meir usikkert. Det er tilsetjingsmøte i Vindafjord kommune i dag, så det blir spanande å sjå, seier ho.
Pappa på bortebane
Trass i at dei tre aktive treåringane er både høgt og lågt, og kjempar med journalisten om mamma si merksemd, går intervjuet overraskande bra.
— Frode arbeider hos Hatteland i Vats og det hender at han er i Hong Kong i opptil ti dagar. Dei periodane er tøffe. Eg merkar det på ungane òg. Dei er litt ekstra urolige i dei periodane. Spesielt Jenny, som er ei skikkelig pappajente, seier Anita og ruskar jenta i håret.
— Pappa jobba i Vats og Hong Kong, men i dag er han i Vats, seier Jenny.
Anita er aktiv innan musikklivet i Etne. Ho har vore dirigent for skulekorpset i ti år, og spelar sjølv i Etne musikklag.
— Det er viktig å pleie hobbyane sine òg, slik at eg får litt tid for meg sjølv. Derimot tek det veldig mykje tid i helgene, og eg har no søkt om permisjon frå stillinga som dirigent i korpset. Eg synest det hadde vore greitt å få eit byte der etter ti år, seier ho.
Meir utdanning
— Kva har vore den største overgangen etter at du blei mamma til trillingane?
— Fridomen. Det er ikkje berre å gå i butikken lenger. Me prøver å gjere det me har lyst til, men det skjer sjølvsagt på barna sine premissar, seier ho.
Fire dagar i veka er ungane i barnehage, men kvar onsdag er det mammatid med trillingane.
— Jenny, synest du det er kjekt å vera heime med mamma?
— Ja! Me jobbar i bedet og i hagen, seier ho.
Anita Jørstad Grindheim ser ikkje vekk i frå å utdanne seg endå litt til.
— Eg vil jobbe i alle fall eitt år til, så vil eg i tillegg prøve å ta spesialpedagogikk og engelsk på deltid, seier ho.