Må opp i statsråd

I tevlinga om nytt kommunevåpen for nye Vindafjord, er folkets favoritt alt i utgangspunktet ekskludert […]

I tevlinga om nytt kommunevåpen for nye Vindafjord, er folkets favoritt alt i utgangspunktet ekskludert fordi dette forslaget har eit fjordlandskap som motiv. — Det er korrekt at landskap ikkje blir godkjent. Motiva skal alltid la seg beskrive i ein godkjent terminologi som byggjer på ein fleire hundre år lang tradisjon, forklarer avdelingsdirektør Knut Johannessen i Riksarkivet. Denne beskrivinga følgjer med kommunevåpenet som ein usynleg tvilling. Riksarkivet er den instansen som sjekkar om forslaga lar seg passe inn i ein fleire hundre år gammal tradisjon i heraldikken.

Granske i Riksarkivet

Johannessen har fått dei ti finaleutkasta til nytt kommunevåpen i Vindafjord, men han har enno ikkje starta granskinga. Han skal vurdere dei ti forslaga og så sende dei tilbake med vurdering av kven av dei som er mogleg å satse vidare på. Det starta med 464 forslag, og kommunevåpennemnda valde ut 31 som vart lagt ut til avrøysting. Over 100 stemte, og resultatet er nesten identisk med dei ti utkasta nemnda har sendt inn til Riksarkivet. Prosjektleiar Helge Thorheim i nye Vindafjord vil gjerne presisere at avrøystinga er eit hjelpemiddel for nemnda, og at dei ikkje er bundne av forslaga som fekk flest stemmer.

God respons

— Eg synst vi har fått god respons rundt tevlinga om det nye kommunevåpenet. Eg får håpe innbyggjarane føler det som sitt gjennom denne måten å finne fram til det nye kommunevåpenet på, seier han. Thorheim er med i nemnda, men han har liten lyst til å avsløre favoritten sin. Etter planen skal det nye kommunevåpenet godkjennast av fellesnemnda i midten av mars dersom runden med Riksarkivet er ferdig. Når våpenet er godkjent av Riksarkivet og kommunen, er det berre formalitetar igjen i Kommunaldepartementet og Kongen i statsråd.

Eitt motiv

Etter at dei fleste kommunane hadde skaffa seg kommunevåpen på slutten av 1980-talet, er det berre ved samanslåingar at Knut Johannessen må engasjere seg i dei heraldiske tradisjonane. — I tillegg til terminologien må vi passe på at motivet ikkje lar seg forveksle med andre våpen her i landet. Det skal berre vere eitt motiv, men det kan gjentakast i våpenet. Vi går alltid i dialog med kommunane sidan det uansett er nødvendig med ei viss bearbeiding, forklarer Johannessen. Kommunevåpen er ei forlenging av ein tradisjon med våpenskjold som her i landet starta rundt 1150. Det var noko kongar, adelege og sterke slekter skaffa seg. Mellom anna for å skilje venn og fiende på slagmarka. Det er mest vanleg med dyre- og plantemotiv, og gjenstandar som lar seg beskrive i den heraldiske terminologien. Og geometriske figurar.


Desse ti kommunevåpna er med i finalen. I avstemminga fekk nr. 7 flest stemmer, og nr. 6 vart nummer to.