Må spare 15 millionar

Fellesnemnda for nye Vindafjord, som er sett saman av formannskapa i dei to kommunane som […]

Fellesnemnda for nye Vindafjord, som er sett saman av formannskapa i dei to kommunane som skal slå seg saman, samla seg i Brandøy ungdomsheim på Bjoa måndag. Assisterande rådmenn i dei to kommunane la fram hovudlinene i budsjetta sine for neste år, og desse blei grunnlag for å peike på kva for verdiar og utfordringar nye Vindafjord startar med i 2006. Det blei mykje fokus på dei negative og usikre tala, men fleire av politikarane framheva også at den nye kommunen startar med eit godt tenestetilbod til innbyggarane sine – særleg til dei eldre.
— Me må starte så raskt som rå med å få i gang ein sunn og god økonomi der drifta står på eigne bein, sa Helge Torheim, komande rådmann i den nye kommunen og prosjektleiar for kommunesamanslåinga.
Han meiner dei to kommunane allereie no bør samordne budsjetta sine, for å få like føringar og tydingar av tal.

Kunstige grep

Momskompensasjon, avdragstid på lån og pensjon er tema der hovudfokus må rettast når arbeidet med å samordne budsjetta startar, sidan dette er område som skaper uvisse og ubalanse i rekneskapen.
Dei to kommunane fører i dag momskompensasjonen på ulike måtar. Staten har lova å kompensere moms som kommunane må betale etter ei ny ordning, men det er uvisse kring når og korleis dette skal gå føre seg. Det blei også stilt spørsmål ved om pensjonskostnadene i driftsbudsjettet bør førast på ein annan måte.
— Me bør lage ein plan over hovudutfordringane og byrje å jobbe inn mot departementet for å avklare ein del her, meinte Torheim.
Den komande rådmannen kom med kritiske merknader til dei kunstige grepa dei to kommunane legg opp til for å få balanse i budsjetta for neste år. Vindafjord foreslår å utsetje avdrag på lån, medan Ølen nyttar fond.
— Ein burde gå andre vegen og skyve ned avdragstida. Dess raskare får ein høve til å setje i verk nye tiltak, heldt Torheim fram.
Assisterande rådmann i Ølen, Kjell Tore Helgelund, la fram tal som viste at det er store summar å spare på å korte avdragstida på lån.

Må slanke seg
Det blei samstundes framheva at dei kunstige grepa kommunane gjer for å balansere rekneskapen, heng saman med at dei også har vore i ein kunstig situasjon dei siste to åra, utan høve til å endre drifta. Ølen-ordførar Arne Bergsvåg var mellom dei som sakna større rom for handling og utvikling, noko som etter planen skal kome med kommunesamanslåinga.
Det blei ikkje lagt skjul på at ein slankare kommuneorganisasjon er det som må bli løysinga for å gje nye Vindafjord betre økonomi og større rom for handling.
— Det er berre færre folk som gjev innsparing. Me må ha mindre folk, sa Bergsvåg, som var opptatt av å halde seg til realitetane.
Prosjektgrupper i dei ulike etatane i kommunen jobbar for tida med å finne nye løysingar på leiarnivå for å rasjonalisere drifta.

15 millionar i ubalanse
Helgeland la fram utrekningar som viser at den nye kommunen, ut frå tala som ligg føre i dag, startar med ein ubalanse i drifta på kring 15 millionar kroner. Han trekte også fram svikt i skatteinntektene som eit område som lagar uvisse. Trass i ein del svartmåling kring dystre tal, var det også politikarar som tok ein annan tone.
— Me har eit monaleg behov for å finne innsparingar, men me har også eit godt utgangspunkt på mange område. Me er høgt oppe når det gjeld tenestetilbod til innbyggarane, framheva Rune Hetland (Vikebygd bygdeliste).
Han peika på at grundige grep allereie er gjort når det gjeld skulestruktur og omsorgssektoren. Barnevern er derimot eit område der store utfordringar ligg føre.
— Den største strukturendringa skal likevel skje organisatorisk på grunn av at me slår oss saman. Felles drift må i gang fort, og eg håpar 2005 blir historisk med omsyn til utviklingsarbeid, slo Hetland optimistisk an mot slutten av møtet.