Må styrke symjeopplæring

Dette er forsåvidt rett. Dette var eit av mange smertefulle tiltak som måtte til då […]

Dette er forsåvidt rett. Dette var eit av mange smertefulle tiltak som måtte til då det før jul i fjor viste seg at me måtte spara inn 10 millionar kroner på budsjettet grunna omstrukturering i momsinnbetaling og ekstrainnbetaling til KLP. Ekstrautgifter som det i stor grad  er rett å gi høgresida i sentralstyresmaktene ansvaret for.
Vindafjord Høgre ville løysa dette med m.a. å selja trygdebustadane i Vats. Eg har enno ikkje fått svar frå Høgre om dei som budde i desse bustadane var spurde om dei ville kjøpa bustadane, eller om kor dei som eventuelt ikkje ville eller kunne kjøpa, skulle flytta hen.

Ros til Vindafjordhallen
Eg er mellom dei som fekk glade born heim frå skulen måndag og tysdag denne veka, etter at dei hadde vore i hallen og bada.
Eg vil gje ros til dagleg leiar og styret for Vindafjordhallen for å ha fått han opp og gå etter at eit samla kommunestyre i løpet av dette året har funne rom for nye tilskot til oppussing og drift.
Det burde gå an å finna rom til symjeopplæring på neste års budsjett for den nye Vindafjord kommune, sjølv om komande rådmann Thorheim har varsla ganske tøffe tak for å få det til å gå opp. Men med ny kommunalminister og ny finansminister?  Høgresida har i valkampen meint at dei vil bli så dyre for staten desse SV- og Sp-damene. Det vil vel då igjen seia at dei vil bli til velsigning for kommuneøkonomien? Klart at ungar må læra å symja.

Åsmund Kalstveit
gruppeleiar Sp Vindafjord