Senterpartiet og Arbeidarpartiet er vinnarar av valet i Vindafjord og Ølen og saman med det føreståande regjeringsskiftet er dette med på å gjera dagen i dag til den best tenkjelege å vakna opp på, reint politisk sett.
Finteljinga av kommunevalrøystene står att, og i skrivande stund er det mange med meg som er spente på vurderinga veljarane har gjeve oss; fornya tillit eller ikkje?
No skal dokke to ut i ein ny duell, og kjempa om kven som skal få æra av og jobben med å vera ordførar dei to første åra i Nye Vindafjord kommune si historie.
I gamle Vindafjord kommune har me hatt eit godt samarbeid mellom Sp og Ap i kommunestyregruppene og i formannskapet, trass i at det mellom oss menige kommunestyremedlemmer i båe partier til tider har vore stor undring, for å seia det mildt, over einskilde utspel frå ordførar Håvås både i valkampen og i arbeidet med å sy i saman Ølen og Vindafjord.
Det har vore mykje fokusering på motsetnadar mellom dei to eksisterande kommunane, i staden for å søkja løysingar som kan verka samlande. For dette heldt du nesten på å missa ordførarkandidaturet i ditt eige parti, Reidar. Arne fekk tilsvarande merka det, då ein Sp-veteran frå Vikedal braut ut av partiet i protest mot ønskjet om å samla sentrumsfunksjonane i den nye kommunen der dei høyrer heime; i kommunesenteret.
Eg vil gjerne få gi uttrykk til håpet om at for det første at Arne Bergsvåg halar i land sigeren i kampen om ordførarstolen. For det andre at det i kampens hete ikkje vert gjort så stor skade på kjemien kandidatane og partia i mellom at Reidar spelar seg ut som mulig varaordførar og dermed og vanskeleggjer at eit godt samarbeid mellom kommunestyregruppene våre også kan halda fram i det nye Vindafjord.
Ikkje la ein samanslåingsmotstand som for lengst er utgått på dato påverka dokke, la oss i staden gleda oss til eit kommunebudsjettsamarbeid basert på eit statsbudsjett stempla av ei ny raudgrøn regjering og det forventa økonomiske løftet for kommunane og distrikta som dei tre partia har gått til val og sigra på.
Med venleg helsing
Åsmund Kalstveit