I ein artikkel i den kristelege avisa Dagen, vert det fortald om den kurdiske forfattaren Mariwan Halabjaee, tidlegare muslim som bur på hemmeleg adresse i Noreg med drapsalarm utstedt av politiet. Hans forbrytelse er etter ugjeving av 13 bøker å ha skrive ei bok om Islams tilhøve til kvinner og seksualitet. Han er blitt truga også her i Noreg. Boka er ei kruttønne, der Islamsk kvinnesyn vert utfordra både religiøst og politisk. I 2005 kom forfattaren si bok ut om «Seksualitet, lovgjeving og kvinner i Islamsk historie». Boka inneheld brennbare synspunkt også her i landet for muslimar og ikkje-muslimar. I Kurdistan utløyste boka ein storm av trugsmål mot forfattaren og familien hans.
I muslimske samfunn blir kvinner drept kvar dag, skriv han, og difor kunne han ikkje teia om dette lenger. 5.000 kvinner er blitt æresdrept dei siste tre åra, fortel han. Ytterlegare 11.000 kvinner er blitt straffa på kroppen på grunn av ulydnad mot sine menn, fedrar eller brør. Det er av omsyn til desse kvinnene at eg har skrive denne boka, fortel han. Boka skapte raseri i Kurdistan, men vart likevel ein salssuksess
med eit opplag på 20.000. For i Kurdistan er ikkje alle innbyggjarane muslimar, fortel han. Men å få den utgjeven på norske forlag er vanskeleg. Forlaga er redde.
Og så kjem han med ei åtvaring om at muslimane i Europa kjem til å pressa igjennom sine krav i framtida om sitt kvinnesyn. Han oppmodar nordmenn til å samanlikna utkomne aviser for 25 år sidan
med dei som kjem ut i dag. Kor er det vorte av ytrings?
fridomen? spør han. Folk er redde for å bruka han. Og så lenge
antalet muslimar aukar her i landet, og i Europa elles – så vil også talet på kvinnedrap auka. Dette vil truleg syna seg om nye 25 år. Difor er det så viktig å hindra at dette skjer, seier forfattaren til avslutning av intervjuet. Ytringsfridomen er avgjerande . Folk må våga å hevda sine meiningar.
Endre Heggen