Det var på slutten av fjoråret samferdslebyråkratane plutseleg oppdaga at det var for lågt under taket i tunnelane over Haukeli. Dermed stoppa dei like godt trafikken for køyrety over fire meter og omdirigerte dei over Voss og Sogn, ein omveg på fleirfaldige kilometer. Etter protestar frå transportnæringa og politikarar, har køyrety over fire meter som ei særordning fått lov til å køyra over Haukeli på natta.
Sist veke hamna tunnelsaka i ei høyring på Stortinget. Det blei mykje ordkløyving om kor høgt det eigentleg er opp til tunneltaket. Er det 4.0 meter, 4.10 meter eller 4.20 meter? Administrerande direktør i Noregs Lastebileigarforbund, karmøybuen Gunnar Apeland, seier til Grannar etter høyringa at det mest er eit hån mot Stortinget at dette skulle hamna som sak hos dei folkevalde. På oppdrag frå NLF har eit privat selskap målt høgdene i tunnelane over Haukeli med laser og kome fram til at køyrety på 4.10 meter utan problem kan passera tunnelane. No ber dei Statens vegvesen gjera nye målingar, gjerne i samarbeid med NLF. Til nå har Statens vegvesen ignorert dette kravet.
Saksordførar Jorunn Ringstad frå Sp reagerer sterkt på at det tilsynelatande er null kommunikasjon mellom vegvesenet og lastebilnæringa. Ho lovar at komiteen skal koma med ei innstilling i saka om to veker. Kravet i eit Dokument 8-forslag som er reist av fleire stortingsrepresentantar er at Haukelitunnelane kan opnast for køyrety inntil 4.20 meter.
Det har frå fleire hald vore spekulert i om det er politikk som ligg bak avgjerda om å stengja Haukelitunnelane. Me har også vore innom tanken. Men me lar han liggja og ber Statens vegvesen, gjerne saman med NLF, snarast måla tunnelhøgdene på nytt. Me forlangar rett og slett litt takhøgde frå den kanten nå.