Mageplask

Dagens fylkeskommunar har utspelt si rolle, og det er behov for ei kraftig fornying. Den […]

Dagens fylkeskommunar har utspelt si rolle, og det er behov for ei kraftig fornying. Den beste løysinga ville vore om regionane vart bygde opp over lesten til helseføretaka, og at regionane får overført ansvaret for sjukehusa frå staten. Dette skjedde som forventa ikkje. Regjeringa legg opp til tre ulike modellar, men konklusjonen skal først koma i 2008. Alt skal også skje frivillig. I mellomtida klarar ikkje i Regjeringa å fylla fylkesnivået med nok interessant innhald. Regionane skal få større ansvar innafor samferdsle, næringsutvikling, marin sektor, landbruk, miljøvern, kultur, utdanning og forsking og regional planlegging, men dette er oppgåver som utmerka også ville blitt godt handterte i større regionar.

Det store plusset med få og store regionar er at større regionar vil ha meir å seia overfor stortinget. Meir makt må overførast nedover i systemet. For samstundes som regionane vert større må kommunane også få fleire oppgåver enn dei har i dag. Oppgåver og ressursar frå dagens fylkeskommunar må flyttast ned eit nivå. På den måten kan ein sikra større lokal innverknad og makt i kommunale saker. Det er også ting som kan tyda på at interessa for å driva fylkespolitikk er langt mindre enn før. Også i lokalpolitikken er engasjementet dalande. Med fleire viktige regionoppgåver og meir kommunal styring over eigne områder, blir det meir interessant også for politikarane. Dette er også viktige argument for ei naudsynt omlegging.

At det også er argument mot store regionar er lett å sjå. Avstanden til folk kjennest større, og mange vil meina at småplassar står i fare for å falle gjennom fordi ein ikkje får ei stemme inn i store forum. Skepsisen er likevel ikkje nok til å stansa ei omlegging som er sårt tiltrengt. Enkelte røyster hevdar det er viktig å behalda dagens stortingsvalkrinsar, og at det vert eit problem med større regionar. Heller ikkje det er eit godt argument. Det er ikkje vanskeleg å ha fleire valkrinsar innafor same region i framtida, men større regionar vil føra til at større geografiske områder kan samla seg om viktige saker. Også det er eit pluss.