Maggie Reily og Minor Majority klare for Vikedal

— Artistbookinga er så og seia ferdig. No er det berre to band som står […]

— Artistbookinga er så og seia ferdig. No er det berre to band som står att før alt er på plass. Me håpar publikum er like nøgde som oss, seier Anne Cecilie Berentsen i Vikedal Roots Music Festival.
Skotske Maggie Reilly slo gjennom i Noreg på 80-talet då ho samarbeida med Mike Oldfield. Ho har også gitt ut fleire soloalbum og 1992 kom plata «Echoes» som mellom anna inneheldt hiten «Everytime we touch». I fjor gav ho ut plata «Rowan» som består av ei blanding tradisjonelle skotske og engelske songar.
— Maggie Reilly er ei av Skottland sine store songarar som har sunge alt frå jazz til pop, rock og folkemusikk, seier Berentsen.

Prisvinnarar
Det andre nye store trekkplasteret på laurdagen er Minor Majority. Frå før har Jan Eggum vore klar til denne dagen i festivalen.
Pål Angelskår og Minor Majority har spela saman i sju år, og har dei siste åra innteke posisjonen som Noregs beste innan melankolsk popmusikk. Minor Majority vann også Spelemannsprisen for beste popalbum i 2006 med plata «Reasons to hang around».
I fjor var Minor Majority oppvarmingsband for A-ha på turneen i Europa. Bandet har også vore på fleire norske festivalar som Quart, Øya-festivalen og Norwegian Wood.

Stavangerensemblet opnar
Stavangerensemblet får æra av å opna Rootsfestivalen i Vikedal torsdag 12. juli. Då spelar Frode Rønli & co. i båthamna i Vikedal.
— Stavangerensemblet var bandet som gav rocken frå Rogaland ein eigen identitet gjennom bevisst bruk av tekstar på dialekt. Gruppa er minst like energiske i dag som på 80-talet då dei fekk sin velfortente Spelemannspris, seier Anne Cecilie Berentsen.
Får før er det kjent at både Hellbillies og The Young Dubliners kjem til festivalen denne sommaren. Andre namn som no er klare for scena i Vikedal er Stonefish Brigade, The Fortunate Sons, Tindra, Lucky Bullets, Dråplå og Vindafjord Kulturskule og Katarina Blikra.
Som vanleg vert det også «Kyrkje-roots» i samband med festivalen. Festivalkunstnar Bernhard Østebø stiller ut under tittelen «Over grenser». Utstillinga opnar torsdagen. Då vert det også ein improvisasjonskonsert med både bilde og musikk.
Søndag vert det Roots-gudsteneste i båthamna. Der deltek mellom andre Bytunet Antikvariske Jazzensembel.