Makteslaus mot sentraliseringa

For den vesle bygda er tapet stort, og dei er naturleg nok bitre på kjøtsamvirket. […]

For den vesle bygda er tapet stort, og dei er naturleg nok bitre på kjøtsamvirket.
Det er eit nytt døme på korleis effektivisering og sentralisering rammar frå før næringssvake utkantar. Gilde har tidlegare i år lagt ned tre slakteri i Nordland for å byggje eit nytt anlegg i ein fjerde kommune.

Det er knapt ei næring i Noreg som er meir avhengig enn landbruket av ein distriktspolitisk tankegang som ikkje berre tar omsyn til kroner og øre. Men landbrukssamvirket er fanga av akkurat det same effektiviseringskravet som resten av samfunnet. Nedlegginga av slakteriet i Granvin skal gi meir igjen i lønningsposen til kjøtprodusentane, og lokalt er det med på å trygge arbeidsplassane i Sandeid.
Men beinharde krav om å hente inn stordriftsfordelar i nesten kvar krok av landet, får størst konsekvensar for distrikta . Målt etter folketalet tilsvarar arbeidsplassane i Granvin 5000 i Bergen.

Utan arbeidsplassar stoppar bygde-Noreg, og resultatet er nedgang i folketalet for mange kommunar. Storbyveksten går sin gang, og i fjor hadde dei fire største tettstadene 63 prosent av veksten her i landet.
Den som leitar etter distriktspolitiske verkemiddel på Stortinget og i regjeringa, får ein heller mager fangst. Kommisjonar er i arbeid, men rikspolitikarane har med få unntak gitt opp å stagge utviklinga.
Heller ikkje lokalpolitikarane ser ut til å tru at det går an å motverke sentraliseringa. Høgre-ordførar Amund Enge i Etne kjeftar høglydt på partiet sitt i Oslo for at dei sviktar kommunane, men ingen stiller han til rekneskap for at han blir i partiet.