Målet er å halda seg i divisjonane

På Bjoa var den største bøygen i fjor haust å halda nok folk til å […]

På Bjoa var den største bøygen i fjor haust å halda nok folk til å kunna stilla lag, og dermed å unngå å bli diskvalifiserte frå fotballserien.
— I år ser det lettare ut, om me får behalda dei spelarane me har. Me har me om lag like mange spelarar frå Bjoa og frå Vikebygd, fortel Bjoa-leiar Tormod Sandvik, som skal trena felleslaget frå dei to bygdene.
Heimekampane for Bjoa/Vikebygd går på Bjoa, mellom anna fordi banen på Bjoa er betre enn banen i Vikebygd. Men noko opprykk vil ikkje trenaren høyra snakk om.
— Opprykk er ikkje aktuelt. Me har verken folk eller tid til det. Målsettinga er å prøva å behalda plassen i 6. divisjon, slår Sandvik fast.
Bjoa/Vikebygd reiser til Karmøy for å spela første seriekampen, den første maidagen.

Veterankeeper på plass
Etne vann 5. divisjon og rykka opp i 4. divisjon i fjor haust. To lovande ungdommar, Sindre Tjelmeland og Lars Øvernes, har gått til FK Haugesund føre sesongen, og ein spelar har lagt opp. Elles stiller Etne med same laget som i fjor. Martin Moe er trenar for dei grønkledde.
— Målsettinga må vera å hamna rundt midten av tabellen. Å tru på noko meir er kanskje å ta litt hardt i, meiner Tore Øverland, som er kaptein på det nokså ungdommelege Etne-laget.
Sjølv om det stort sett er juniorar som fyller rekkjene i Etne, er ikkje gjennomsnittsalderen spesielt låg. Etter at Øvernes forsvann til Haugesund, er 48-åringen Arvid Ness tilbake i keepertrøya.
— Har de reservekeeper, i tilfelle Ness skulle bli skadd.
— Nei, me har ikkje andre keeperar, men me har folk som kan stå i mål, forsikrar kapteinen.

Slit med identitet
Haustsesongen i fjor blei meir nervepirrande enn mange hadde tenkt seg for GrannKam. Den nye trenaren, Frank Abelseth, bruker dette som referanseramme når han blir spurt om årets målsetting for fellessatsinga frå Ølen IL og Vindafjord IL.
— Eg trur ikkje me greier å rykkja opp i år. Folk får ikkje tid til å trena nok og kvila nok. Me må stikka fingeren i jorda. I fjor risikerte me nedrykk til det berre stod att ein kamp, seier Abelseth.
GrannKam har spelt åtte treningskampar i vår, medrekna vinterserien. Fasiten er seks tap og to uavgjorte. Trenaren har sjølv vore inne på banen i tre av kampane, på grunn av at det har vore snautt med spelarar.
Abelseth trur at GrannKam slit med identiteten. Han opplever det som at det er vanskeleg å skapa dei positive kjenslene for GrannKam som klubb, når folk identifiserer seg med Ølen, Sandeid og Vikedal. Han understrekar at GrannKam si programfesta målsetting om å etablera seg i 3. divisjon ligg fast, men han ser på det som eit langsiktig mål.
I år spelar laget ein divisjon lengre nede, og trenaren tviler på om GrannKam kan greia å rykkja opp frå 4. divisjon nå i år. Samstundes poengterer han at han er tilfreds med den jobben kvar einskild spelar gjer.

Tilfreds i 5. divisjon
Ein divisjon under GrannKam, spelar Skjoldar og Vats 94.
— Me har nokolunde same laget som i fjor. Me satsar på den øvre helvta av tabellen. Målet må vera å bli blant dei tre beste, seier oppmann Jon Laurits Strand.
Kvinnelege fotballtrenarar er sjeldan kost blant A-lag for menn. Skjoldar er eitt av dei få laga som har valt denne løysinga, etter at Linda Worre Bråtveit tok over trenaransvaret før denne sesongen.
— Det fungerer kjempefint. Me har fått ein ny giv i laget, seier Strand, som syntest det er greitt å prøva noko nytt og utradisjonelt.
Opprykk er noko Skjoldar-spelarane ikkje har diskutert, sjølv om dei var høgt oppe på tabellen i fjor. Oppmannen trur dei måtte ha trena meir dersom det skulle vore aktuelt.
Trenar Linda Worre Bråtveit er av same oppfatninga.
— Signala eg har fått er at 5. divisjon er heilt ok. Målsettinga er å stabilisera oss på det nivået me er nå. Me har ein fin tropp, med 18-19 spelarar, seier Bråtveit.

Ungt Vats-lag
I Vats 94 har det vore eit skikkeleg generasjonsskifte dei siste åra. For fire år sidan var nesten ingen spelarar under 30 år. Nå har dei gamle travarane takka for seg.
— Det er mykje ungt. Mesteparten er under 20 år. Me har berre to spelarar som er over 25 år, seier Harald Frøyland, som er trenar og oppmann.
Vats 94 miste åtte spelarar i fjor. Berre to har skifta klubb. Resten har lagt opp på grunn av alder og langtidsskader, eller dei har reist vekk på skule og i militæret.
— Kjernen i det nye, unge laget er dei som blei krinsmeistrar i småguteklassen 14 år i år 2000, seier Frøyland.
Sjølv om status etter fjorårssesongen var ein tredjeplass, trur trenaren at årets lag er såpass ungt at dei må fira litt på ambisjonane.
— Målsettinga må vera at me må prøva å koma midt på tabellen i år, fastslår Frøyland.