Måljeger av første klasse

4. divisjon, avd. 02 Etne –Kolnes 5 -2 (5 -0) Etne Stadion 1-0 Øyvind Eljarvik […]

4. divisjon, avd. 02
Etne –Kolnes 5 -2 (5 -0)
Etne Stadion
1-0 Øyvind Eljarvik (4. min)
2-0 Ove Straumsøy (11. min)
3-0 Ove Straumsøy (26. min)
4-0 Ove Straumsøy (29. min)
5-0 Ove Straumsøy (40. min)
5-1 Kolnes (53.min)
5-2 Kolnes (61. min)
Dommar: Zia Kazemi, Djerv 1919
Gule kort:
Henrik Svendsen, Etne
Kenneth Hegerland, Etne
2 gule kort til Kolnes

Etne imponerte i første omgang, til tider var spelet glitrande. Flott angrepsfotball prega dei første 45 minuttane. Aller først ut på scoringslista var Øyvind Eljarvik. Etter eit kjapt angrep dunka han ballen kontant i mål. Like etter var det klart for Straumsøy–show! Med eit snev av sambafotball, gjorde han det kunststykket å score fire mål på under ein halvtime! Han var Etne sin desidert beste spelar. Henrik Svendsen var utruleg nær å score like før pause. Det flotte innlegget frå spissmakker Straumsøy hamna til slutt i tverrleggjaren. Med ei trygg 5-0 leiing, var det eit sjølvsikkert lag som gjekk av banen til pause.

Skuffande andre omgang
Etter den flotte fotballen som heimelaget viste i første omgang, vart det eit stort antiklimaks for publikum å sjå andre omgang. Det var som om Etne rekna med at sigeren var eit faktum og lysten til å stå på ein omgang til var vekke. Tullete forsvarsspel og dårlege pasningar på midtbanen, prega kampen i andre omgang. Kolnes snappa fort opp ballen etter dei mange feila til Etne og berre ei god redning av Thomas Rullestad i Etne–målet gjorde at bortelaget ikkje scora etter fire minuttar. Det rotete forsvarsspelet heldt fram og åtte minuttar ut i omgangen scora Kolnes sitt fyrste mål. Berre åtte minuttar seinare kom baklengsmål nummer to for Etne. All den positive feedbacken frå tribunen i første omgang, var no forandra til tilrop av ein litt anna karakter. Til trass for ein sløv andre omgang, vann Etne 5-2. Med tanke på den glitrande første omgangen var resultatet fortent.