Målpris til bakar

Skånevik Mållag inviterte fredag til ”Vinjekveld” på MA- senteret. Mange møtte fram for å høyre […]

Skånevik Mållag inviterte fredag til ”Vinjekveld” på MA- senteret. Mange møtte fram for å høyre Olav Vesaas fortelje om Aasmund Olavsson Vinje sitt liv og dikting. På klingande Vinjemål, tok Olav Vesaas publikum med på ei reise gjennom Vinje sitt liv. Vesaas fortalde om både personen Vinje, og om dei mange dikta, songane og andre litterære verka han har skrive. Noko Vesaas la spesielt mykje vekt på, var kor enormt mykje Aasmund Olavsson Vinje har hatt å seie for nynorsken, både som diktar, journalist og korrespondent.

Eit lunt møte
At Vinje var ein person med mange sider vart óg fortald om. Han var lynande intelligent, kritisk, kjenslevar og ikkje minst humoristisk. Vesaas kunne fortelje at det var ironien som var Vinje sitt varemerke, og av den grunn hadde folk vanskeleg for å ta han seriøst. Humoristiske gullkorn vart spreidd over publikum under heile foredraget, og det gjorde at foredraget vart eit lunt møte med ein stor diktar.

Målprisutdeling
Kveldens store finale kom då Hans Olav Tungesvik avslørte vinnaren av Målprisen 2004. Akkompagnert av stor applaus var det i år Hildegunn og Ragnvald Larsen, frå Larsen Bakeri og Konditori, som vart heidra med den gjæve prisen. Den fekk dei i hovudsak for det flotte arbeidet dei har lagt ned i prosjektet ”Juraskarskjeringo”; Brødet som er blitt til ved at bygdefolket har fått vore med på å bestemme både smak og utsjånad på. I tillegg la juryen vekt på at Larsen Bakeri og Konditori alltid brukar ein svært god nynorsk og dialekt i annonser og anna reklame.