Målreising i ung alder

Ein grunn til at nett barnehagane står i fokus, er at barnehageimpulsane kom til Noreg […]

Ein grunn til at nett barnehagane står i fokus, er at barnehageimpulsane kom til Noreg frå Danmark og Sverige. Difor er det er ikkje nokon skikkeleg nynorsk kultur i barnehagane, poengterer styret i Ølen Mållag.
«No livnar det i lundar», «Småsporven» og «Vesle Lerka», er blant dei tradisjonsrike nynorske songane mållaget trekkjer fram som veleigna for barnehagebruk.
Torsdag føremiddag fekk Ølensjøen barnehage besøk av styret i Ølen Mållag, med leiar Anne Ma Eidhammer i spissen. Styrar Jenny Haugland Gundersen tok i mot boka «Song for deg og meg» på vegner av barnehagen.
Odd Nordstoga har redigert songboka, der 123 songar for førskulen og barneskulen er samla. Dette er både gamle, tradisjonelle norske songar, moderne viser og folkeviser, stev og stubbar, og songar til skjemt og høgtid. Det viste seg at fem- og seksåringane som var samla, kunne fleire av songane. Dei samla seg raskt rundt Eidhammer då ho fann fram gitaren.
Ølen Mållag har syttiårsjubileum i år, og det er i den samanhangen at dei har sett i verk aksjonen. I tillegg til å dela ut songbøker i barnehagane, legg dei opp til verving av nye medlemmar. Dei oppfordrar alle til å vera på vakt mot språkleg likesæle, i alt ein føretek seg.
I Grannar-distriktet er det aktive mållag i Skjold og Vats, i Etne og i Skånevik i tillegg til i Ølen.