Mange opplevingar med Zporty

For tredje år på rad drar Frank Abelseth i gang Zportyfestivalen, som har hatt innom […]

For tredje år på rad drar Frank Abelseth i gang Zportyfestivalen, som har hatt innom hundrevis av unge deltakarar på ulike aktivitetar kvart år. Tysdag morgon til torsdag kveld vert det aktivitetar som skal få ungane til å leika, læra og leva. Festivalen utviklar og veks kvart år, og har i år seks nye aktivitetar å tilby.
— Skogvaktaren og sirkusartisten er to av dei mest spesielle nye aktivitetane, seier Frank Abelseth. Til aktiviteten sirkusartisten er profesjonelle folk frå sirkusskulen ved Cirkus Sibylla leigd inn for å lære opp deltakarar frå sju år og oppover. Sirkuskunster og sprell du ser på sirkus får du nå sjansen til å lære deg sjølv, og du vil få innsikt i korleis sirkuslivet verkeleg er. På onsdagskvelden vert det ein times sirkusframsyning der sirkusdeltakarane skal visa fram det dei har lært på tolv timar sirkusøving.

Naturopplevingar
Slik som utviklinga har vore den siste generasjonen, har digitalverda tatt over og naturen vert ikkje nytta like mykje lenger. Dette er noko av det Frank Abelseth gjerne vil ta tak i.
— Folk veit ikkje lenger kva dei har 200 meter bak huset i skogen. Det er så mykje opplevingar og flotte turar ein kan ta i naturen. Me håpar folk får auga opp og ser kva me har her i verda, seier han, og nemner spesielt aktiviteten skogvaktaren. Skogvaktaren gir deltakarane ei oppleving i naturen dei aldri før har fått før. Skogsturen går inn og ut av skogar, oppover med stige og tau og ut på berg med ei enorm utsikt. Til slutt fører turen frå Låkafossen fram til dei mange småhusa der skogvaktaren bur. Ole Fatland har bygd opp fleire småhus som spelar i eitt med naturen og er bygd inntil berg.
— Det er ein fantastisk jobb han har gjort her. Dette passar perfekt til aktiviteten, seier Abelseth. Gjennom dei mange timane ute i naturen vert det fortalt om planter, tre og dyr og korleis alt i naturen heng saman. I tillegg vert det samarbeid om oppgåver som skal løysast i naturen for å utøve rolla som skogvaktar.
— Eg håpar at denne aktiviteten kan vere med og hjelpe dei yngre til å bruke naturen meir og få opp auga for kva me har her, seier Abelseth.

Populært program
Mykje av det andre på programmet, går igjen frå suksessen dei førre åra. Popstjerna som plar å trekke fullt telt under finalen, er venta å bli minst like bra dette året. I juryen set det låtskrivarar, popstjerner og musikarar som skal vere med publikum å kåra ein verdig vinnar av årets popstjernekonkurranse. På tysdagskvelden vert det diskotek for alle aldrar og på onsdagskvelden semifinale i popstjerna, sirkusshow og ulike oppvisingar. Avslutningsshowet er på torsdagskvelden då mange show, premieutdelingar og ikkje minst den spennande finalen i popstjerna, står for tur.