Mange planar for Halvfjordingen

Per Martin Kjellesvik i interessegruppa for planane med Halvfjordingen på Rullestad er godt nøgd etter […]

Per Martin Kjellesvik i interessegruppa for planane med Halvfjordingen på Rullestad er godt nøgd etter eit møte mellom representantar frå Etne kommune og Statens vegvesen.
På møtet vart det semje om at massar frå tunnelen på Rullestad, som utgjer om lag 30.000 kubikk, nå skal leggjast ut på Halvfjordingen.
Etne kommune blir formell tiltakshavar for prosjektet, og tek kontakt med entreprenør, som skal fjerne matjorda på området, pluss legge matjorda på igjen, etter at entreprenøren til Statens vegvesen har lagt ut steinen.
Kostnadane i samband med arbeidet skal dekkast av Statens vegvesen etter faktura frå Etne kommune, når arbeidet er utført.
Det blir arbeidd ut ei avtale mellom Statens vegvesen og Etne kommune om arbeidet, som skal starta like over påske.
På møtet vart det presisert frå Statens vegvesen at det per i dag ikkje er avsett midlar til opparbeiding av rasteplass. Grunneigarane kan heller ikkje krevje området innløyst før ein eventuell rasteplass er bygd.

Mange planar
Arbeidet med Halvfjordingen har stått i stampe, etter at det har vore usikkert kven som har ansvaret for at stein frå Rullestadanlegget skulle kome på plass på området, og kven som skulle utføre arbeidet. Men etter møtet mellom Etne kommune og Statens vegvesen, der også to frå grunneigarane, Per Martin Kjellesvik og Per Rullestad, fekk vere med på deler av møtet, synest mykje å vere oppklart.
Per Martin Kjellesvik seier at det berre er fantasien som set grenser for kva som kan kome på det rundt 29 dekar store området Halvfjordingen.
— Det vil bli arrangert ein idedugnad der folk kan få kome med tankane sine, men alt nå ser vi for oss ein rasteplass for bubilar. Utleigehyttar er også av ting vi har tankar om. Her kan også bli ein informasjonsplass for Folgefonna nasjonalpark.
Og vi stolar på at vegvesenet vil lage ein rasteplass på sikt, seier Kjellesvik.