Initiativtakar Frank Abelseth stod for opninga i teltet i båthamna i Vikedal, og fortalde dei mange frammøtte om noko av bakgrunnen for den første Zporty-festivalen. Saman med Sivert Ole Holten hadde han funne ut at dei ville setje i gang noko for aldersgruppa ni til 19 år.
— Vi har jobba med barn og unge i over 25 år. Dette har gitt oss mykje, som vi nå vil gi vidare, sa han blant anna.
Definisjonen av Zporty, er blant anna å lære seg å møte presis og å ta ansvar.
— Sit ikkje og vent på at noko skal skje, gjer noko sjølv. Vi blir gode til det vi trenar på. Eit tankekors bør vere at ein 18-åring i løpet av livet så langt, har fått beskjed om at det greier du ikkje 14.000 gonger.
Elva ei perle
Vikedalselva er ei perle, som fleire av aktivitetane under Zporty-festivalen er lagt til. Sjølv er Frank Abelseth glad i elva og området rundt. Eit område der ein både kan finne fred og ro, og som kan brukast til leik og lærdom. Ein aktivitet han set stor pris på, er kanotur langs elva. Det å ferdast langs elva er ei stor oppleving, og difor er elva sentral under Zporty-festivalen. Både jungelturen og kanoturen, er av dei aktivitetane som har mange deltakarar.
Aktivitetane under festivalen må kunne seiast å nå alle interesser. Over 20 spennande tilbod kan deltakarane melde seg på, og fleire av desse vart fort fullteikna etter opninga tysdag. Men heldigvis for deltakarane, er kvar aktivitet sett opp på programmet fleire gonger under festivaldagane.
Jungelturen langs Vikedalselva hadde 20 små og store deltakarar på første turen med Rune Vestbø som leiar. På turen oppover elva var det lagt inn mange spennande postar, og eitt av høgdepunkta var då deltakarane møtte ein skikkeleg indianar og fekk fortalt korleis han lever ved Vikedalselva.
Feira bursdag
Etnekunstnaren Jan Terje Rafdal stod for aktiviteten «Kunstmalaren», også det ein populær aktivitet. Her møtte vi blant mange søstrene Anette (9) og Charlotte Strømland (14) frå Sandnes. Dei fortalde at familien har hytte i Vikedal. Begge syntes Zporty-festivalen var midt i blinken. Charlotte feira forresten 14-års dagen sin denne dagen, og fortalde at ho hadde fått masse måleting. Noko dei syntes var ekstra kjekt var at dei hadde lært å lage trykk.
Finale i Popstjernå
Juniortrenar i FK Haugesund Tor Martin Hegrenes leia gruppa «Driblefanten». Deltakarane dribla og lærte finessar dei kunne bruke vidare på fotballbanen. Hegrenes fortalde om stor iver blant dei 10 deltakarane. Det var det også over alt kor aktivitetane fann stad. Det var berre glade aktive barn og ungdommar å sjå. Noko som er i Zporty-festivalen si ånd. Ta ansvar og gjer noko sjølv, der du er!
I kveld blir festivalen avslutta med stort familieshow med finale i Popstjernå.