Mangla marginane

Fotball 4. divisjon avd. 2 Ølen stadion GrannKam –Vedavåg Karmøy 1 – 2 (1 – […]

Fotball 4. divisjon avd. 2
Ølen stadion

GrannKam –Vedavåg Karmøy 1 – 2 (1 – 2)
5. min. 0-1 Leif Stava
19. min. 0-2 Tom Torkelson
40. min. 1-2 Magnar Larsen
Dommar: Kåre Pedersen

GrannKam leverte ein underhaldande og spennande kamp mot serietoppen Vedavåg Karmøy på laurdag. Kunne heimelaget sett ein strek over dei første tjue miniuttane, var det ingen tvil om at GrannKam var dagens lag. Men slik er det ikkje i fotball.

Tok grepet
— Det høyrest dum ut å seie det, men i dag var vi det beste laget. Men når vi ikkje scorar fleire mål, blir det heller ingen poeng, seier trenar Ståle Berge i GrannKam.
Det kom også som ein bakoversveis at ein god start resulterte i ei relativt lettvint mål for Vedavåg alt etter fem minutt. Det såg også litt mørkt ut når Karmøy-laget auka leiinga eit lite kvarter etter, utan at GrannKam klarte å putte sjansane sine inn mellom stengene.
Det kom difor som ein redningsplanke for kampen at Magnar Larsen reduserte rett før pause. Dermed var det ingen grunn til å gi opp, og GrannKam var ikkje villig til å gi Vedavåg ein programmessig siger.

Haustspøkelset
— Vi fungerte betre framover på bana enn vi har gjort på lenge. Spesielt Tore Christiansen var tilbake i gammalt slag, men vi hadde ikkje marginane på vår side. Det er ein uheldig start å få to mål baklengs så tidleg i kampen, konkluderer Berge.
GrannKam har tradisjon for å møte haustspøkelset der lite går laget sin veg etter ein langt betre vårsesong.
Fire av dei fem siste kampane har laget tapt med eitt mål i kvar kamp. På sju haustkampar har GrannKam tatt moderate seks poeng, men har likevel berre rykt to trinn ned på tabellen, til ein sjetteplass.
Berge ser ikkje vekk frå at passeringa i ingenmannsland midt på tabellen har gjort sitt til at laget har tapt ein del jamne kampar. Det kan slå litt negativt ut på innsatsen som skal til for å vinne, meiner han.
Med plassering midt på tabellen er det berre teoretisk sjanse for at laget kan rykkje ned når det er to kampar igjen å spele. Verken Brusand, Voll eller Haugar kan ta igjen GrannKam, og det er liten sjanse for at fire lag rykkjer ned. I tillegg kan laget sikre seg med å ta poeng mot Nærbø og Sauda i dei to siste kampane.