Det var kome inn seks bidrag til manuskonkurransen, og juryen var svært fornøgd med kvaliteten på alle bidraga, men kom til slutt fram til dei to bidraga som skilte seg mest ut.
Vinnar vart Grung Farsund, som kjem frå Bergen.
— Eg fekk tips frå kjenningar i Haugesund om denne konkurransen, og fann ut eg ville prøve meg, seier Grung Farsund. Til dagleg har ho arbeid som ikkje har noko med teater å gjere. Ho er heller ikkje aktiv innan teatermiljøet, men ho er svært glad i å sjå teater, kan ho fortelje. — Den einaste erfaringa eg har med å skrive manus er at eg har skrive eit stykke som heitte «Min mor og de», og det vart sett opp både i Bergen, Stavanger og Haugesund, avsluttar den glade vinnaren av manusprisen.
— Sigrunn Thorsen Arnesdotter frå Karmøy vann andrepreimen, og vart med det 5.000 kroner rikare. Til dagleg tek Thorsen Arnesdotter teaterutdanning i Kristiansand, og er til våren ferdig utdanna med bachelorgrad innan teater.
Manusvinnar frå Bergen
Det var kome inn seks bidrag til manuskonkurransen, og juryen var svært fornøgd med kvaliteten […]