Mari frå Sandeid kan vinne Idol

Bjarne Laastad i TV2 bekrefta til Grannar onsdag føremiddag at det er David Bakke og […]

Bjarne Laastad i TV2 bekrefta til Grannar onsdag føremiddag at det er David Bakke og Erik Flaa som er dei to siste finalistane i Idol. Dermed er idoleventyret definitivt slutt for Maria Toresen, i alle fall for denne gong.

Stort talent
Onsdag morgon hadde Maria Toresen framleis ikkje høyrt noko frå TV2, sjansen for vidare avansement var difor mikroskopiske for den talentfulle sandeidjenta. Ho har vore blant dei fem såkalla jokerane som dommarane måtte velje dei to siste finalistane ut ifrå. I fleire kjendis vekeblad er ho blitt omtala som «stortalentet» og «den som fortener ein finalebillett mest». Grannar kontakta onsdag TV2, og fekk bekrefta at Maria dessverre er ute.
— Det blir nok som VG og Dagbladet skriv, at Erik og David går vidare. Dei må ha sikre kjelder for å gå ut såpass sterkt med namnet på dei to siste deltakarane, sa Maria Toresen i forkant.

Kjendisen Mari
Sjølv om Maria Toresen er ute av Idol, er framleis ei lokal jente i finalen. Mari Vestbø har regelrett tatt Noreg med storm, og er på berre nokre veker blitt A-kjendis. Denne vekas Se&Hør og Her og Nå har store biletseriar og intervju med «rockejenta» frå Sandeid. Ho har heile vegen vore blant dei mest profilerte deltakarane, med sin særeigne stil. På ulike målingar er ho heilt i tetsjiktet over kven som kjem til å vinne Idol.
Sjølvsagt synest både Mari og alle andre her i distriktet at det var svært synd at Maria no er ute. Men nå når det er endeleg stadfesta, kan heile distriktet samla seg om ein deltakar. Det kan bli svært viktig for Mari i dei tøffe finalerundane, der ei einaste stemme kan bli avgjerande.
Første prøve får me i den første finalerunden på fredag.