Mari lett vidare i Idol

Då Grannar snakka med Mari i går, var ho nettopp gått av scena i Idolkonserten […]

Då Grannar snakka med Mari i går, var ho nettopp gått av scena i Idolkonserten som vart halden på Skeikampen.
— Fy søren, nå har eg nett sunge for over 3.000 folk, det var digg det! Eg fekk dei til å hoppa i takt med musikken!, sa ei entusiastisk Mari.
Laurdag var idoldeltakarane i skibakken og køyrde snowboard, som oppladning til søndagens store konsert. No er det påskeferie for idoljenta. Måndag kjem ho heim til Sandeid. Då vert det avkopling frå idolsirkuset i ei heil veke, og det gler ho seg veldig til.
— Eg skal vera mykje heima med mamma og dei, slappa av og bare kopla ut. Og så blir det ein tur til Svandalen, og sikkert ein fest med vennene mine. Eg glede meg!, seier ho.
Overbeviste
I fredagens finale var det soul og r&b, som stod på programmet. Mari som ikkje er særleg van med å syngje slik musikk, tok utfordringa på strak arm, og vann!
Ho gjennomførte songen ”Some kind of wonderful” av Joss Stone, på ein solid måte. Stemma hennar kom meir fram denne gongen enn i dei to føregåande finalerundane.
— Eg var ikkje særlig nervøs på førehand, eg hadde veldig god kontroll på songen, seier Mari.
Neste omgang i Idol kjem ikkje før neste fredag. Då vert det filmaftan, og Mari har allereie songvalet klart.
— Eg skal synge ”We are” av Ana Johnson, filmmusikken som kjem frå ”Spiderman”-filmen.