Mari og Maria hos sine

Rundt 600 ivrige fans, mange unge, men alle aldersgrupper var å sjå då teppet gjekk […]

Rundt 600 ivrige fans, mange unge, men alle aldersgrupper var å sjå då teppet gjekk opp for Mari Vestbø og Maria Toresen i Sandeid samfunnshus fredag kveld.
Men først kunne banksjef Lars Olav Larsen frå arrangøren Haugesund sparebank si avdeling i Sandeid, opplyse at banken også var blitt hekta på Idol. Han takka dei to jentene for at dei verkeleg hadde satt bygda si på kartet. Seinare på kvelden overrekte han ein sjekk på 5.000 kroner til kvar av dei to idola frå banken.
Stjernekaos
Idol-jentene var komne til sine eigne. Kontakten vart oppretta umiddelbart. Mange hadde nok høyrt låtane før, men kva gjer vel det. Både Mari og Maria hadde opplevd mykje sidan dei sist helste på heimepublikum. Orkesteret, som bestod av Kjetil Ulland, Jon Ørnes, Jostein Hustveit, Reinhardt og Tor Magne Toresen (Maria sine onklar) koste seg også synleg. Det var tydeleg å sjå at dei likte å spele til songfuglane frå Sandeid.
Mange av songane dei to hadde valt, hadde vi høyrt dei syngje før, og Mari opna sikkert med «Laura», og like sikker var Maria i si framføring av «Fast Car». Til slutt song dei saman, noko som fekk salen til å koke og fansen til å bli blanke i augo.
Så var det autografskriving, og vaktene fekk eit stort arbeid då dei skulle ordne rekkene. Her augna ein stjernekaos. Mari og Maria har i sanning blitt profetar i si eiga bygd.