Onsdag er det direktesending med Maria i ein av hovudrollene, Har ho nerver?
— Ja, i massevis! Eg er ganske så nervøs ja! Men samstundes er eg ved godt mot, seier den andre songfuglen frå Sandeid.
Overnattingsbesøk på hotellet av veninna og Idol-finalisten Mari Vestbø, samt songtimar, får dagane til å gå. Snart er den skumle dagen overstått.
— Både eg og Mari kjem heim på torsdag, seier Maria.
Ein flott velkomst kan nok begge jentene forvente seg, dei har verkeleg sett Sandeid på kartet. Ved å komme så langt er dei vinnarar uansett kva som skjer i Idol-framtida.
Sensasjon
Onsdag kveld kl. 20.00 på TV2, er det Maria det handlar om. Det er me som ser på som avgjer om det blir to Sandeid-jenter i finalen. Dersom det skulle skje må det vel kallast ein aldri så liten sensasjon. Maria skal syngje Chrisina Aguilera sin song «The voice within». Ho er sistemann ut, noko som tidlegare har vist seg å vera ein fordel. I alle Idol-sendingane til no er det dei siste deltakarane som har gått vidare, for Maria og alle som ynskjer henne til finalen, skjer det også på onsdag.
Skru på skjermen og finn fram telefonen. Heia Maria!