— Me selde 6200 billettar. Me reknar det for ein god torsdag, seier Sølvi Grindheim Stople, som er sekretær i Etnemarknaden. Besøkstala på marknadstorsdagen har variert frå 4000 og opp til 7900 i fjor, då det blei sett rekord.
Det meste av dagen kunne publikum spasera rundt i nydeleg solskin og middelhavstemperaturar, men mang ein sommarkledd gjest blei overrumpla av eit kraftig regnskyll i sekstida om ettermiddagen. Veret letna i god til før utekonserten og kyrkjekonserten torsdag kveld.
Politiet måtte rydda opp I ein slåstkamp på ungdomscampen natt til fredag, men elles melder dei om rolege tilhøve.
Marknaden opna godt
— Me selde 6200 billettar. Me reknar det for ein god torsdag, seier Sølvi Grindheim […]