Mat er trivsel

Mat er vel ein ting som går utover brukarane. Alle er vel innforstått med at […]

Mat er vel ein ting som går utover brukarane. Alle er vel innforstått med at mat har med trivsel å gjera.
Og iallfall når ein er kome på ein institusjon. Det er kanskje maten ein gleder seg til om dagane, og om den er god får ein kanskje lyst til å eta. Etter min meining bør den vera ekstra god her.
Og dei som lagar maten bidrar med at kommunen har arbeidsplassar og kommunen får inn skattepengar, noko som ein bør ta vare på.
De bør skjemmast som foreslår noko så dumt som dette. Kunne De tenkja dykk å eta denne gamle/oppvarma maten sjølv?
Eg er av den oppfatning at de bør skåna dei gamle når det gjeld innsparing. Spar heller på andre ting og la dei gamle vera i fred. Det visest her ein skral haldning og feil tankegang ovanfor dei gamle.
Ein påføre dei ekstra store boutgifter med det resultat at dei knapt klarer å betala for seg, og i neste runde skal ein ta matlysta ifrå dei.
Og så høyrer ein til stadighet at Norge er eitt av verdens rikaste land.
Forstå det den som vil!

Per Gunnar Taraldsøy,
Skånevik