Maten i gamle dagar

Eg er oppvaksen på ein bondegard der me fekk vanleg bondemat. Brødmaten var langebrød, Wittenberger […]

Eg er oppvaksen på ein bondegard der me fekk vanleg bondemat. Brødmaten var langebrød, Wittenberger og vørterbrød. Utanom dette var det kaker av mange slag.
Middagsmaten vart laga av kjøt og flesk, elles så åt me mykje sild og fisk. Kveldsmaten var vassgraut som var laga av grynmjøl.
Det var god og næringsrik mat me hadde på den tid. Det som eg sakna mest i dag er den maten som kom frå grisen. Me får for lite flesk og svinekjøt. Det skal vera skadeleg for helsa, men det har eg ikkje noko tru på. Me et mykje anna mat som er meir skadeleg. Grisen er den som gir oss den beste maten. Eg ventar på ein komlemiddag med masse flesk.

Ingvald Åsheim
Skånevik