Måtte bryte

Søndag skulle Bjørnar Larsen testa seg mot landslagsgutane i langrenn. Han opna hardt på 15 […]

Søndag skulle Bjørnar Larsen testa seg mot landslagsgutane i langrenn. Han opna hardt på 15 kilometer klassisk, men etter ein av tre rundar var det stopp.
— Eg måtte dessverre bryta løpet. Eg vart heilt tett i brystet og tørr og slimete i halsen. Det er truleg eit virus eg har brygga på nokre dagar, seier Larsen som reknar med å vera i full trening seinast tysdag. Til helga er det nytt løp på Lillehammer.
Chris Jespersen stilte til start både på 10 km fri teknikk laurdag, og i 15 kilometeren søndag. Laurdag vart han nummer 25, 1 minutt og 46 sekund bak vinnaren Ole Einar Bjørndalen. Søndag vart han nummer 22, 1.56 bak vinnar Jens Arne Svartedal.