Måtte gje seg

Kravet på 2,1 milliardar var godt i overkant av det ein kunne forventa. Men bøndene […]

Kravet på 2,1 milliardar var godt i overkant av det ein kunne forventa. Men bøndene hadde all grunn til å håpa at dei ikkje berre skulle halda tritt med andre yrkesgrupper, men ta innpå i kroner og øre denne gongen.I svært gode økonomiske tider her i landet, og med Sp i regjering, burde det vera mogeleg å visa at Noreg vil satsa på eit godt landbruk. Sjølv om oppgjeret er det høgaste og beste på lenge, burde det vore rom for meir.

Likevel er det truleg mange bønder som er nøgde med det ein har fått gjennom, og ein del bra ting er det også. Små og mellomstore gardsbruk er dei som kjem best ut. Av dei finn ein mange på Vestlandet. Mellom anna er kravet til omsetnad for å ha rett til produksjonstilskot redusert frå 30.000 til 20.000 kroner. Det er eit steg på vegen, men kunne godt vore enda meir redusert.Reduksjonen er likevel positivt med tanke på at mindre bruk kan få litt tilskot. Det kan freista nokon – dersom dei då ikkje alt har gitt opp – til å driva. Med tanke på til dømes den attgroinga som ein ser skjer i landskapet, er det viktig at også små einingar er liv laga. Eit lite driftstilskot for spesialisert sauehald kan også bidra til å få meir sauer på beite, noko som også kan bidra positivt i forhold til eit problem mange har sett lenge.

Men det burde altså vore meir pengar i potten. I ei tid der det kostar ekstra mykje å investere i til dømes driftsbygningar, er det ikkje nok å henta. Spørsmålet er difor om bondeorganisasjonane gav seg for tidleg. Når oppgjeret er akseptert, er det lite å klaga over. Då er ein einige uansett kor misnøgd ein er.Kva reaksjon som kjem til å komme på dette oppgjeret er ikkje lett å spå. Truleg vil bøndene slå seg til ro, dei har opplevd verre før. Og så håplaust at det ikkje er til å leva med, er ikkje dette oppgjeret.