Med Darfur friskt i minne

Sjukepleiar Turid Sørhus legg ikkje skjul på at det er godt å vere heime igjen […]

Sjukepleiar Turid Sørhus legg ikkje skjul på at det er godt å vere heime igjen i kjølig luft og fredelige forhold, sjølv om det var vemodig å ta farvel.
— Det var ei blanda kjensle å reise. Eg var trøytt. Samstundes blei eg kjend med så mange flotte folk på sjukehuset som det var tungt å skiljast frå, seier Sørhus.
I september i fjor sette ho seg på flyet som tok ho via London, Jordan og Arman, til Karthoum i Sudan. Etter å ha fått informasjon der i eit par dagar, sette ho seg på eit nytt fly. Det frakta henne inn i Darfur-provinsen.
— Eg sat og halvsov i flysetet. Då eg vakna såg eg plutseleg at det stod «Fest setebeltet» på eit skilt framfor meg. Då blei eg usikker på kvar eg eigentleg var. Det viste seg at flyselskapet i Sudan hadde kjøpt fly frå Noreg, minnest ho.
Spennande køyretur
Realitetane kom snart til sjukepleiaren. Etter å ha landa på ny, skulle ho bli køyrd nokre timar på dårleg veg for å kome fram til byen Zalingei, som ligg heilt vest i Sudan, nær grensa til Tsjad. Der ligg feltsjukehuset ho skulle jobbe på det neste halvåret. I byen bur det også 60.000 flyktningar.
— Det blei ein del att og fram med om me skulle få lov til å køyre. Vegen hadde vore stengt på grunn av landevegsrøveri, fortel ho.
Ho såg væpna folk langs vegen, men turen gjekk bra. Bilen som kom like etter dei blei derimot robba, og då blei vegen stengd for godt.
— Blei du ikkje redd?
— Litt. Men eg tenkte at viss dei slo til, så var det vel verdisakene mine dei var ute etter.
Men ho har også gode minne frå den første køyreturen i Afrika.
— Det var regntid då eg kom, og så utruleg frodig. Eg såg mange sortar blomar og fargerike fuglar. Eg såg ikkje så mange dyr, berre kamelar som gjekk og beitte. Men det var trist å sjå aude landsbyar langs vegen.
Teamleiar
Vel framme var det rett på jobb som teamleiar for ei gruppe på sju: Lege, kirurg, sjukepleiarar og anna medisinsk personell frå land i heile verda. Dei var alle på oppdrag for Røde Kors. Mykje av arbeidet deira handla om opplæring av lokalt helsepersonell. Sørhus er utdanna intensivsjukepleiar, men har i tillegg utdanning innan administrasjon. Ho har også jobba for Røde Kors i andre land tidlegare, mellom anna har ho vore i Afghanistan og Kosovo.
— Teamet eg leia var sett saman av folk frå mange kulturar. Det var ei utfordring berre det. Eg hadde tolk med heile tida. Det er viktig. Tolken blir ein slags læremeister. Eg er var på ting i ein ny kultur, og eg bed tolken sile ut for meg viss eg trør i salaten.
Tøft å treffe born
Feltsjukehuset i Zalingei var relativt nytt då Sørhus kom. Det var berre kort tid sidan det i det heile tatt var blitt mogleg å sende hjelp inn i området.
— Det var lite pasientar i byrjinga. Men då det byrja å rykte seg at der var folk som kunne hjelpe, kom folk langvegsfrå. Andre organisasjonar, som Legar Utan Grenser, frakta også pasientar til oss. Det kom mange med skotskadar – menn som hadde vore i krig, fortel sjukepleiaren, og legg til at mannsavdelinga snart blei heilt full av tidlegare soldatar som låg med foten i strekk.
Sjukehuspersonalet blei nøydd for å improvisere fram ei ekstra avdeling til dei skadde mannfolka. Sterkast inntrykk gjorde likevel underernærte born som kom for å få hjelp.
— På barneavdelinga var det i periodar overfylt. Der var mykje underernæring og diaré. Det var forferdeleg å sjå ungar som var så utmatta at dei ikkje makta å skrike. Mange hadde heilt tomt blikk. Det var sånn at du av og til lurte på om du i det heile tatt hadde noko å stille opp med, og mange kom også for seint, fortel ho, og blir ettertenksam.
Som ein speidarleir
Pasientane som kjem til feltsjukehuset i Zalingei, må ha med seg familie til å koke for seg, sidan sjukehuset ikkje er utstyrt med kjøkken.
— Sjukehusområdet såg i grunnen ut akkurat som ein speidarleir. Det sat familiar under trea og kokte på bål. Det steig røyk frå mange bål når eg kom på jobb om morgonen. Det synst eg var triveleg.
Arbeidsdagane var lange for sjukepleiaren. Det blei som regel kveld før Sørhus kom seg heim til huset som ho delte med fire andre arbeidarar frå ulike organisasjonar. Heime dyrka dei freden og fellesskapet, med unntak av eit par veker i november.
— Det kom truslar frå ei opprørsgruppe. Dei trua med å brenne husa våre. Dei ville ha hjelp til å setje fri gissel.
Det førte til evakuering av alle, unntatt helsearbeidarane. Sørhus skildrar dette som ei litt spent tid, men etter eit par veker utan at noko skjedde, var alt tilbake til det normale igjen.
Gjer tungarbeidet
— Eg brukar å nemne kvinnene. Dei er utruleg sterke. Det er dei som gjer majoriteten av jobben. Dei har gjerne seks-sju ungar, i tillegg til at nokon døyr, og fødslane er ofte vanskelege. Me tilsette nokon lokale folk ved sjukehuset for å gjere byggearbeid. Det viste seg at det var damene som bar murstein og sement. Det er også damene som hentar ved og ber vatn, fortel Sørhus.
Ho kan ikkje avslutte utan å nemne kvinnene i krigsprovinsen. Dei gjorde inntrykk.
Det første sjukepleiaren gjorde etter å ha sett beina på norsk jord, og hatt såkalla «debriefing» i Oslo, var å gå ei veke på ski. No ser ho til sin gamle far i barndomsheimen i Blikrabygda, før ho reiser tilbake til jobben som intensivsjukepleiar i Levanger.
— No vil eg iallfall vere heime i eitt år. Eg har ein grei arbeidsgjevar som gjev meg fri til å reise. Men det er også godt å ha ein fast jobb å kome heim til.