Med Grannar som hjelpemiddel

Elin Hardeland fortel til Grannar at ho alltid har vore levande oppteken av nynorsk, men […]

Elin Hardeland fortel til Grannar at ho alltid har vore levande oppteken av nynorsk, men har i si tid som lærar i hovudstaden erfart at elevar slit med sidemålsundervisinga. Ho seier at spansk og fransk ofte ikkje er noko problem, men at nynorsk har ein tendens til å gå i stå. Difor har ho brukt mykje krefter på å laga eit godt og alternativt opplegg, slik at elevane hennar skal klara å knekka nynorskkoden.

For å få det til fann ho ut at Grannar kunne vera eit godt utgangspunkt for nynorskopplæringa. Ikkje minst om ho knytte undervisinga opp mot ein tur til området der avisa kjem ut. Ho og klassen etablerte raskt kontakt med 10-klassingane på Enge skule i Etne, som på kort tid har blitt kjende med kvarandre.

Oslo-elevane er blitt svært motiverte og seier at dette er ein fin måte å læra nynorsk på. Gjennom Grannar har dei også blitt godt kjende med området vårt. I tillegg til å bruka Grannar aktivt i nynorskopplevinga, har alle i klassen lese kvar si bok av ein nynorskforfattar.

Me er både stolte og glade for at elevane ved Brannfjell skule i Oslo får læra nynorsk med Grannar som hjelpemiddel. Stor ros til Elin Hardeland som har laga denne vrien på sidemålsundervisinga. Det er sjeldan kost å høyra om så motiverte elevar i eit fag som i utgangspunktet har låg status i Oslo-området.
Dette må vera eit døme til å følgja for andre lærarar som slit med å gjera nynorskopplæringa interessant og levande for elevar som ikkje har eit naturleg forhold til nynorsk.
Me ønskjer Elin Hardeland og klassen hennar lukke til vidare med prosjektet og håpar dei vil få eit gildt og lærerikt opphald saman med jamgamle elevar i distriktet vårt.