Medaljane glapp i NM

Barbro var åtte sekund bak bronse, og 13 sekund bak personleg rekord. — Det var […]

Barbro var åtte sekund bak bronse, og 13 sekund bak personleg rekord.
— Det var frykteleg varmt her i Trondheim i helga. Det liker eg ikkje, og det blei tungt, seier Barbro Ramstad. Ho slapp tidleg dei fire beste som sa takk for seg på den første runda.
— Dei gjekk ut i eit tempo eg ikkje hadde nokon moglegheit til å følgje. Hadde eg prøvd det kunne det gått heilt gale, seier Barbro. Ho plukka ein løpar på sisterunda, men det blei for langt fram til tredjeplassen. Barbro Ramstad har hatt ein god sesong. Ho har persa seg med fem sekund på 1500 meter, og 16 på 3000 meter.
— Våren og sommaren har vore bra. Ingen tvil om det, seier Etne-jenta som spring for Haugesund Idrettslag (HIL). Ho tillegg mykje og god trening det meste av æra for framgangen.
— Eg hadde òg ein veldig bra treningsleir i vinter. Då merka eg at det gjekk bra, og framgangen har berre fortsett, sjølv om eg ikkje er hundre prosent nøgd med 3000 meteren her i NM, innrømmer ho.
Vil ha medalje
Til slutt var det åtte sekund fram til bronsen i helga.
— Eg hadde eit lite håp om både pers og medalje. Då var eg klar over at eg måtte ta mi eiga bestetid. I etterkant ser eg at det ikkje var nødvendig å springe så fort, men det var trass alt ikkje berre meg det var varmt for her oppe, seier ho.
— Hadde Barbro gjort eit løp tett opp mot maks, kunne det blitt bronse i dette feltet. Slik gjekk det dessverre ikkje, seier trenar Askeland. Barbro spring ikkje neste helgs senior NM i Florø.
— Nei, det trur eg ikkje, avsluttar ho.