Det er ikkje tilfeldig at krefter i Ap og Frp går i spissen for å slå saman til ein felles valdag frå 2013. Det er to parti som er interesserte i ei polarisering i valkampen, og som meiner at det kan gi ekstra stemmer også ved lokalval.
Det er eit faktum at det er dårlegare valdeltaking i lokalval enn stortingsval. Dermed er det ein svært sannsynleg konklusjon at ein felles valdag vil auke deltakinga i lokalvala, sidan veljarane likevel går for å stemme til stortingsvalet denne dagen. Sverige har hatt felles val sidan 1970, og der auka valdeltakinga i lokalval etter omlegginga.
Valdeltakinga i Noreg er ikkje noko å skryte av, spesielt i kommune- og fylkestingsval. Men å få opp valdeltakinga nokre prosent gjennom felles valdag, gjerne inspirert av rikspolitisk valkamp, er ikkje det mest avgjerande. Det er meir viktig å få opp eit reelt engasjement for lokalpolitikken dersom demokratiet skal fungere.
Spesielt Ap har brukt argumentet om at det er samanheng mellom rikspolitikk og lokalpolitikk, og at ein parallell valkamp kan få fram nettopp det.
Det bør sjølvsagt ha betydning for veljarane i stortingsval kva rikspartia står for når det gjeld velferd i kommunane. Men i lokalval er det neppe like viktig, sidan dei som styrer i bygd og by, uansett er prisgitt rammene frå rikspolitikarane. Difor kan ein også mistenke rikspolitikarar for å ville invadere lokalpolitikken, i staden for å akseptere særpreget.