For fire år sidan vart Vikedal meieri kjøpt opp av Ryfylkemeieriet AS og starta produksjonen av diverse typar kryddergauda og handlaga camembert Camenås. Osteprodukta, om lag 25.000 tonn årleg, vart leverte til gardsmeieriet Den Blinde Ku på Ås. I midten av mai i år vart all produksjonen ved Vikedal meieri stansa, og i slutten av juni vedtok styret i Ryfylkemeieriet AS å leggja ned drifta der.
— Hovudgrunnen til dette var at produksjonen av osten ikkje var lønsam. Det vart produsert for lite ost. I løpet av fire år hadde me berre raude tal i rekneskapen. Dei tre tilsette ved Vikedal meieri har fått tilbod om å verta flytta over til vår avdeling på Sand, men eg tvilar på at dei vil nytta seg av dette tilbodet, seier dagleg leiar ved Ryfylkemeieriet, Eivind Vik.
Trist
Vikedal meieri har tre tilsette som jobbar i to heile stillingar og ei 60 prosent stilling. Driftsleiar ved Vikedal meieri, Thomas Smistad, forstår leiinga, men er langt frå glad for denne utviklinga.
— Det er veldig trist. Eg skjønar leiinga si avgjersle, men likevel tykkjer at det er trist at drifta i Vikedal skal leggjast ned, seier han.
I samband med ferieavviklinga jobbar han no på selskapet si avdeling på Sand. Men elles takkar han nei til tilbodet å fortsetja der også seinare.
— Eg reiser tilbake til Trondheim der eg kjem ifrå. Ein annan kollega reiser også tilbake til Stavanger, fortel driftsleiaren.
Vikedal meieri har enno ikkje fått ein offisiell stengedato, men ystinga i det nesten hundre år gamle Vikedal meieri er allereie historie. Den vart avslutta for vel ein månad sidan. No driv meieriet berre med lagring av dei ferdige produkta.
Jobba i førti år
— No vert eg pensjonist, seier Kåre Bakkedal frå Hogganvik, som har jobba ved Vikedal meieri i 42 år. 38 av dei var han tilsett hjå Tine Sør, medan han dei siste fire åra har hatt Ryfylkemeieriet som arbeidsgjevar. No gjev han seg.
— Det er ikkje så farleg med meg. Det er verre for bygda som mistar arbeidsplassar. Det er ikkje mykje ein kan ta seg til her, seier Bakkedal, som for vel førti år sidan starta ved Vikedal meieri som lærling.
Eit par gonger i veka er han innom meieriet for å snu osten som no berre blir laga på Sand. Og snart er det også slutt på det.