Året etterpå vart nytt håp tent for vidare drift då Ryfylkemeieriet overtok drifta og osteprodusenten Den Blinde ku gårdsmeieri frå Akershus kom inn og skapte nytt liv med satsing på produksjon av nøkkelost. Målet var ein produksjon på opp mot 300 tonn ost årleg, men dessverre så lukkast ikkje satsinga. Meieriet har hatt raude tal i rekneskapen alle åra, og nyleg bestemte Ryfylkemeieriet seg for å setja kroken på døra for produksjonen i Vikedal. Dermed er ein epoke truleg over for godt når det gjeld meieridrift i Vikedal. Samstundes går tre arbeidsplassar i bygda tapt.
Nedlegginga av meieriet i Vikedal viser at det ikkje er enkelt å driva ein slik småskala meieriproduksjon i bygde-Noreg med dagens krav til mellom anna effektivitet og lønsemd. Små verksemder som dette klarar ikkje i lengda krava som vert stilt i ein moderne produksjon. Det blir for dyrt.Det er trist at det er slik, men det går heller ikkje an å driva ei verksemd på idealisme og entusiasme. Og når det ikkje lukkast å føra vidare meieridrifta i Vikedal, er det kanskje duka for å tenkja alternativt når meierilokala blir tomme.
Det er knytt kjensler til det at meieriet i Vikedal vert lagt ned, men denne gongen set ikkje kjenslene like djupt som då Tine pakka saman og flytta osteproduksjonen for nokre år sidan. Den gongen var kjenslene annleis då ein stillteiande måtte akseptera det som skjedde. No er det litt vemod, men også det kan vera med og skapa grobotn for å prøva noko nytt. For sjølv om det ikkje er liv laga for meieridrift i Vikedal, så er det mykje som faktisk går an å få til også i bygde-Noreg. Det finst det mange dømer på både i Vindafjord og Etne. Når kreativiteten får blomstra er det absolutt mogeleg å skapa aktivitet og arbeidsplassar i bygdene – sjølv når tradisjonsrike verksemder må leggja ned.