Meiner tidsfrist favoriserer

Det blir ingen konkurranse om å få den store barnehageutbygginga i Vindafjord som vil koste […]

Det blir ingen konkurranse om å få den store barnehageutbygginga i Vindafjord som vil koste opp mot 33 millionar kroner. Barnebygg AS på Karmøy står aleine igjen etter at Kalstveit & Vik og Berge Sag og Trelast har trekt seg frå konkurransen om tidenes utbygging av barnehagar i Vindafjord.
Dei to lokale aktørane har samarbeidd med Omega IAT i konkurransen.

Reagerer på frist
— Vi klarer ikkje å levere tilbod innan fristen. Det var ikkje vits i å leggje meir arbeid i det. Difor trekte vi oss, seier driftsleiar Eirik Kalstveit i Kalstveit & Vik i Skjold.
Fristen vart først flytta frå 21. mai til 3. august fordi kommunen var i ferd med å bryte reglane i Lov om offentlege anskaffelsar på grunn av for kort tidsfrist. Dei lokale aktørane ville ha frist til september, men prosjektgruppa med Solveig Hortman i spissen sa nei.
— Vi meiner det er uvanleg kort frist. Det har skjedd endringar sidan dei første møta, og ein veit ikkje kva for driftsform ein skal byggje etter. Med slike utgangspunkt treng ein litt tid. Det er også fellesferie i byggjebransjen, seier Kalstveit.

Favoriserer store
Han legg ikkje skjul på at korte tidsfristar favoriserer Barnebygg AS som har levebrød i å byggje barnehagar over heile landet. Tilgjengeleg oppdatering viser at selskapet har bygt 120 barnehagar og driv 30 av dei sjølv.
— Slik eg har forstått det, kan dei trekkje meir eller mindre ferdige prosjekt opp av lomma. Barnebygg AS sa dei kunne levere tilbod alt 16. mai. Difor vil eg hevde at korte tidsfristar favoriserer ein stor aktør på feltet, seier Eirik Kalstveit.
— Dette er eit prosjekt vi gjerne skulle ha vore med på. Det er også synd at lokale aktørar må trekkje seg på grunn av fristar.

Uryddig prosess
Dei lokale aktørane har også gitt melding til kommunen om at dei meiner det har vore ein uryddig prosess. Ankepunkta i tillegg til korte fristar er desse:
Informasjonsmøte og synfaring var 19. mars. Deretter kom versjon ein av konkurransegrunnlaget den 2. mai, pluss nye versjonar både 9. mai og 11. mai. Altså etter møte med partane.
Konkurrentane deltok i møte og synfaring kvar for seg. Dermed har ikkje partane kontroll over informasjonen som blir gitt til partane.
— Dette gjer ikkje konkurransen akkurat gjennomsiktig. I tillegg blir grunnlaget for den endra undervegs. Eg opplever det som uheldig, seier Kalstveit.

Endra etter møte
Grunnlaget for konkurransen var altså endra etter at partane kvar for seg hadde hatt møte med prosjektgruppa for barnehageutbygginga. Kalstveit meiner det er grunn til å stille spørsmål om den nye vektinga i konkurransen kan favorisere store aktørar innan barnehage som Barnebygg AS.
Først var pris sett opp mot kvalitet på bygg og uteområde vekta til 50 prosent i konkurransen. I revisjonen vart denne delen redusert til 40.
Derimot auka det som først var definert som fagleg kompetanse frå 10 til 25 prosent. Definisjonen av denne vektinga vart også utvida til funksjonalitet, fleksibel drift og effektiv driftsøkonomi i tillegg til fagleg kompetanse.
Kalstveit meiner det ville vere meir ryddig om kommunen hadde eit forprosjekt i ei så stor utbygging, og deretter lyste barnehagane ut på anbod. Det ville gitt meir reinhårig konkurranse, meiner han.
Prosjektleiar Jarle Nilsen i Barnebygg AS seier til Grannar at dei ikkje kan trekkje ferdige prosjekt opp av skuffa.
— Det er fem ulike barnehagar vi må arkitektteikne. Men vi har sjølvsagt erfaringar med ulike løysingar vi kan bruke i dette prosjektet, seier Nilsen.
Han meiner det er langt lengre frist på anbodet enn det dei er vande med. I følgje Nilsen er det meir normalt med ein månads frist.

Kan påverke prisen
Null konkurranse om den omfattande barnehageutbygginga i Vindafjord, kan i verste fall føre til at prosjektet blir dyrare enn nødvendig. Stabsrådgjevar Per Ivar Ertresvåg håpar så ikkje skjer.

— Om det blir konsekvensen er ikkje godt å vite i dag. Vi får sjå. Men at prisane er skrudd i vêret, veit vi. Vi får sjå kva prisen blir, og om ting eventuelt må endrast. Vi hadde håpa på konkurranse, seier Ertresvåg.

Imøtegår kritikk
Han imøtegår at lokale aktørar ved Kalstveit & Vik og Berge Sag og Trelast har fått urimeleg kort tid på anbodet.
— Eg meiner det ikkje er så kort tid. Dei måtte nok sikkert leige inn kompetanse, men 3. august bør vere godt nok. Det er barn og foreldre som ventar på denne utbygginga, og det hastar å kome i gang. Vi ønskte at alle skulle vere med vidare, seier Ertresvåg.
Han seier det aldri har vore prosjektgruppa sin intensjon å favorisere Barnebygg AS.
Konsekvensen av at lokale aktørar har trekt seg, er at Barnebygg AS kan levere tilbodet i løpet av to veker. Dermed kan utbygginga bli avgjort før sommarferien, og ikkje etter 3. august slik fristen var.

Separate møte
Stabsrådgjevaren tar derimot sjølvkritikk på at det vart halde separate møte med aktuelle kandidatar sidan det i ettertid blir stilt spørsmål ved prosessen.
— Den nye måten med anbod med forhandlingar er nytt for oss. Vi har ikkje erfaring og eg ser ikkje vekk frå at vi kunne ha gjort dette annleis, seier han.
Han meiner endring av kriteria midt i prosessen også kan stå på kontoen på manglande erfaring.
— Eg har ikkje tenkt på at denne endringa av vektinga kan favoriserer Barnebygg. Det er det barnehagefaglege i teikningane vi er ute etter, ikkje om kandidatane har bygt barnehagar tidlegare, seier Ertresvåg.
Han ser eit klart poeng i at det kunne vore eit eige forprosjekt for utbygginga, og konkurranse etterpå. Men han meiner det ikkje var tid til det i dette tilfellet.