Meir vald i distriktet

Talet på valdstilfelle i Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt var i fjor 35, mot 24 i […]

Talet på valdstilfelle i Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt var i fjor 35, mot 24 i 2004. Den største auken av vald omhandlar truslar. I fjor blei 15 truslar melde, mot sju året før.
— Det dreier seg om alt frå munnlege truslar til truslar med kniv og skytevåpen. Eg ser ikkje ei endring i gatebildet, men eg trur fleire blir melde, seier Ingvar Gjærde, lensmann i Vindafjord.
Valden på offentleg stad er også blitt høgare. Frå åtte saker i 2004 har bunken vakse til 14 i 2005, og dei fleste tilfella skjer i Etne og Ølen.
— Valdstilfella er knytte til opningstidene på serveringsstadene, spesielt i Ølen. Det er i løypa mellom idrettshallen, kaien og ovanfor lensmannskontoret at ting skjer. Me har fokus på dette området og prøver å bli meir synlege, seier Gjærde.

– Ikkje festivalane
Auka vald er i følgje Gjærde tendensen i heile politidistriktet og landet.
— Me har få grove lekamsskadar, men me ser at terskelen for å fika til kvarandre er lågare enn før, og tilfella blir nok i større grad melde nå, seier Gjærde.
I følgje lensmannen kjenner gjerningsmann og offer kvarandre. Dei fleste valdstilfella skjer i samband med alkohol, men Gjærde ser ingen samanheng mellom valdsbruk og dei store arrangementa.
— Det er ikkje eintydig at festivalane avlar vald, men det er ei kjent sak at alkoholbruken til tider er framtredande på desse arrangementa, seier Gjærde, som meiner at politiet har god kontakt med arrangørane.
Det totale talet på lovbrot gjekk ned frå 356 i 2004 til 319 i fjor, og talet på forseelsar gjekk ned frå 263 til 187 i same periode.

Like mykje narkotika
2004 var eit år med mange narkotikasaker, totalt 71. Like mange blei det ikkje i 2005 med ein sum på 56.
— Statistikken viser nedgang, men me har opplysningar som tilseier at det er som før, seier Gjærde.
— Målet vårt var 60 narkotikasaker. Me har sett fokus på narkotika, men me kan sikkert bli endå betre, seier han.
Talet på sedskapssaker auka frå fire i 2004 til sju i 2005. Tre av desse er valdtekter.
Trass i valdsauken, meiner lensmannen at folk har grunn til å føla seg trygge. Ingen tilfelle av uprovosert vald er registrert.
Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt oppklarer annakvart brotsverk og er dermed best i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Talet på skadeverk og trafikksaker gjekk ned i 2005. Det var færre trafikkulykker med personskadar og færre førarar blei tekne for å kjøra i påverka tilstand, men fleire blei tekne for fartsoverskridingar i året som gjekk.