Merkeforsøk på hjort

Dette inneber mellom anna ansvar for etablering av gode geografiske forvaltningsområde der ein utarbeidar forvaltningsplanar […]

Dette inneber mellom anna ansvar for etablering av gode geografiske forvaltningsområde der ein utarbeidar forvaltningsplanar i tråd med dei målsettingane ein ynskjer for hjortebestanden. Hjorten er utfordrande forvaltningsmessig då den kan ha ulike leveområde alt etter årstid, noko som igjen kan føre til problemstillingar t.d. rundt lokalt ulikt skadeomfang og haustings/jaktmoglegheiter. Kunnskap om hjorten sine vandringar og leverområde er difor nyttig informasjon.
Går med sendar
Det Interkommunale Hjorteviltutvalet er eit samarbeidsorgan mellom 10 kommunar frå Karmøy/Sveio i vest til Etne/Suldal i aust. Utvalet har i samarbeide med Høgskulen i Hedmark (HiH) og Høgskulen i Telemark etablert GPS-prosjektet «Hjort på Haugalandet». Prosjektleiar er Barbara Zimmermann ved HiH. Tiltaket er finansiert gjennom lokale viltfondmidlar, statlege viltfondsmidlar, Hjorteviltutvalet, Skogeigarlaget Vest og stipendiatmidlar. Målsettinga er å kartlegge hjorten sitt områdebruk og trekkmønster i regionen. Informasjonen vil auke kunnskapen om hjorten sin økologi, og spesielt skal ein gå nærare inn på områda jakt, beiteskader og trafikk. Samla vil informasjonen gi både kommunar og grunneigarar høve til ein lokal og regional tilpassing av forvaltninga. Informasjonen vert henta inn ved at hjorten får påsett GPS som er programmert til å ta posisjonar med 90 minuttars mellomrom døgnet rundt. Nokon tek i tillegg kvar fjortande dag posisjonar med 6 minuttars mellomrom over 1 døgn. Hjorten går med sendarane over eit lite år fram til ein bestemt dato då ein utløysarmekanisme gjer at utstyret dett av. Sendaren vert vidare tappa for informasjon, reaktivert og plassert på nye dyr. I tillegg til GPS, inneheld og kvart halsband ein WHF-sendar slik at ein kan radiopeile dyra i den perioden dei går med utstyret. Førebels har ein berre nytta utstyr som er tilpassa koller. Vinteren 2004 vart 11 hjortekoller påsett GPS fordelt på kommunen Tysvær, Vindafjord, Ølen, Etne og Suldal. Kvar GPS inneheld fleire 1000 kartplott. Ved å overføre data til kart med høg målestokk som t.d. 1:5000 vil ein kunne få svært detaljert informasjon (dyrkamark, plantefelt, kalvingsstad, høgdelag, kryssingspunkt veg m.m.)
Samtlege koller merka i 2004 vendte tilbake til merkestaden. Unntaket er ei kolle merka på Nervik i Etne som vart ulovleg felt 18.september i Odda kommune. Kollene merka i Etne og Suldal er døme på til dels lange trekk aust-vest med markerte, adskildte vinter og kalvings-/sommarområder. I Ølen og Vindafjord finn ein døme på koller med meir avgrensa leveområder. Kolla i Tysvær skil seg ut med å ha ei vandring som går sør-nord der området for normal kalvingstidspunkt ligg i vinterområdet, samstundes som den har vandringar som går både sør og nord for dette. Under jakta var denne kolla både innom Haugesund, Sveio og Tysvær kommune. Av kollene som har vandra lengst, ser ein at nokon er tilbake til vinteropphaldsstaden innan jaktstart, mens andre ikkje startar hausttrekket før jakta er i gang og kan fellast over eit svært stort område. I tillegg vil dette truleg variere år for år avhengig av tidlege eller seine haustrekk. Ei av kollene i Suldal hadde i siste halvdel av jakta eit brutto areal på om lag 45.000 dag som den flytta seg rundt i. Den mest heimkjære kolla var «Marta», merka utafor kjøkenglaset til Erling Lien i Ølen. Denne var anteke til å vera ungkolle ved merking og hadde ikkje kalv som 2- åring. Data syner at den aldri bevega seg lenger enn om lag 500 m ut frå merkestaden. Marta fekk vinteren 2005 påsett nytt halsband med VHF-sendar, og det syner seg at den først som 3-årring har begynte å trekke (sørsida av Stordalsvatnet i Etne).
16 nye koller
I dag er det 3 koller som går med GPS merka i Vindafjord, Tysvær og Bokn. Desse er programmert til å falle av 1.desember 2005. Til komande vinter har Hjorteviltutvalet planar om å få merka 16 nye koller i regionen. Gjennom prosjektleiar Barbara Zimmermann vert det utarbeida eigne utfyllande rapportar knytt opp til GPS-forsøket. Ta kontakt med prosjektleiar eller Hjorteviltutvalet for nærare informasjon.
NB ! Koller som går med halsband er freda, og skal ikkje fellast under jakta. Dersom uhellet likevel er ute, ta vare på halsbandet og lever det inn til kommunen ved viltansvarleg. Hjort (både ho og hanndyr) som berre har øyremerker, kan fellast innafor ordinære fellingsløyver. Noter ned nummer på merket, ta vare på kjeven / eventuelt livmor og meld frå til kommunen.

Karl Ludvig Ådland
Skogeigarlaget Vest