M/F «Skånevik» i trygg hamn

Den 22. januar i år vart Ferjelaget Skånevik stifta. Det skal ta vare på ferja […]

Den 22. januar i år vart Ferjelaget Skånevik stifta. Det skal ta vare på ferja M/F «Skånevik», samt gjenstandar og installasjonar som har vore i tilknyting til den historiske ferja. Det å ta vare på den gamle ferja interesserer folk langt utanfor Skånevik, er adressene til styremedlemmene eit tydeleg bevis på. Folk frå heile Sunnhordland og Bergen er alle like engasjerte.
Sigurd Eikemo og Martin Skumsnes er Skånevik sine representantar i ferjelaget. Dei er svært glade for at ferja blir verande i Skånevik.
— Bygdefolket er einige med oss i at det ville vore for gale om M/F «Skånevik» hadde lege til kai ein annan stad enn i Skånevik, seier Sigurd Eikemo.
Ferja ligg til kai ved den gamle sildefabrikken. Eigaren av fabrikken, Arnold Holmedal frå Stord, var ikkje vond å be han fekk spørsmål om ferja kunne få ligge ved hans kai.
— Han sa at det ville vere ei stor ære å huse ferja. Han vart så engasjert i arbeidet til stiftinga at han no sit saman med oss i styret, seier Eikemo.

Mange timar om bord
Både skipper Martin Skumsnes og maskinist Sigurd Eikemo har sterke bindingar til ferja. Dei har begge i lengre periodar hatt sitt virke om bord.
— Eg jobba her i åtte år, frå 1977 til 1985. Då gjekk ferja mellom Skånevik og Utåker. Eg var her ein periode i 1970 òg, seier Martin Skumsnes.
— Eg og Martin har same skiftordning så me var her samstundes, seier Sigurd Eikemo.
For å finansiere kjøpet har ferjelaget Skånevik fått støtte av Riksantikvaren og fylkeskommunen. Sjølv om kjøpet er opp og avgjort, skjer ikkje den offisielle og høgtidelege overtakinga frå HSD før 12. mai. Det skal finna stad under Mediefestivalen i Bergen. Det har vore snakk om TV-merksemd rundt hendinga, men det er enda ikkje avgjort.

Det vert ein travel sommar for ferjelaget Skånevik. I juni skal ferja vere med på Torgdagane og Tørrfiskfestivalen i Bergen. Då skal eit orkester stå på ferja og spele for ei mengde menneske på kaiområdet i Bergen. I august vert det ny tur til byen med dei sju fjell. Då er det Nordsteamfestival, som er ei stor samling med veteranbåtar.

Kan bli første i Noreg
— Det er snakk om å frede ferja. I så fall vil den bli den fyrste i Noreg, seier Sigurd Eikemo.
M/F «Skånevik», har to systerferjer i M/F «Odda» og M/F «Sveio», men ingen av dei er blitt tekne vare på.
Ferja vart bygd ved Ulstein mekaniske verkstad i 1967, og er den siste verna fjordferja som vart bygd før Vegvesenet innførte standardferjer. Ferja kan huse om lag 100 passasjerar, og har to fine salongar med tilhøyrande kjøken. Til Tørrfiskfestivalen skal det òg ordnast med presenning som skal fungere som tak, dermed vert eventuelt nedbør utestengt på heile ferja.
Det ligg og i planane å arrangere turar, til dømes til Langfoss, med ein middagspause på Åkrafjordtunet. Moglegheitene er mange, sidan ferja har ein baug som kan leggje til nesten kvar som helst. Skumsnes og Eikemo er særs interesserte i få nye medlemmer til ferjelaget Skånevik, og vonar at mange melder seg i tida som kjem.
— Dersom folk vil ha det sosialt, er det berre å melde seg inn, seier Sigurd Eikemo.