– Brannen er framleis ikkje under kontroll på fjellet over Tindeland. Men med innsats frå to helikopter, håper vi å klare å isolere flammane på toppen av fjellet og deretter få sløkt den, seier brannsjef Tor Gunnar Skaar i Vindafjord kommune rett før mannskapsskiftet klokka 18.00 i ettermiddag.
Då kjem det mannskap frå Etne og Tysvær for å gi avløysing og supplere mannskapet frå Vindafjord brannvesen.
Blussa opp
Store delar av dagen har eit skoghelikopter deltatt i arbeidet med å temje flammane. Dette helikopteret vart overført til ein skogbrann i Matre i Nord-Hordland, og i ventetida til dei militære helikoptra var i aksjon rundt klokka 15.30 i ettermiddag, blussa flammane kraftig opp igjen i fjellet.
To helikopter frå Rygge flystasjon sløkte først i området nær hus på Tindeland der flammar blussa opp igjen, og flytta deretter innsatsen mot fjellet.
Bønder står på
Også i dag var det fleire bønder som assisterte Vindafjord brannvesen med å frakte vatn ut i terrenget på Tindeland i tankvogner. Det var ein viktig del av innsatsen for å hindre at flammane blussa opp for alvor i område som tidlegare var sløkte.
På Bjoa var det også bønder som var klare til innsats dersom flammane skulle ta seg over fjellet for alvor.
– Det gjenstår ein del arbeid, og det blir mannskap i området på Tindeland gjennom heile natta. Helikoptra gir seg klokka 21.00 og kjem tilbake i morgon klokka 09.00, seier brannsjef Skaar.