Miljø kan stoppe båthamn

Frå Osen og utover kan det bli 82 attraktive tomter i det som er planlagt […]

Frå Osen og utover kan det bli 82 attraktive tomter i det som er planlagt til å bli Ølen sitt nye bustadområde.
— Dette er juvelen i Ølen. Utsikt, skjerma for nordavind og kort veg til sentrum, seier avdelingsleiar Gisle Heggebø i Ølen kommune som arbeider med reguleringsplanen.

Kartleggje sjøfugl
Krangelen om å ta jordbruksland er lagt død. Men det som skulle bli rosina i pølsa for dette nye bustadområdet, båthamna, skaper reaksjonar hos fylkesmannen. Uberørt strandsone, ei spesiell stranding og matfat for sjø- og vadefuglar, er nokre av innvendingane som har fått Miljøvernavdelinga hos fylkesmannen til å levere ei såkalla motsegn.
— Eg oppfattar det ikkje som at Miljøvernavdelinga seier nei. Dei meiner konsekvensane av ei slik båthamn må bli belyste betre før dei vil konkludere endeleg, seier Heggebø.
Kommunen skal difor ha møte med fylkesmannen så snart som råd for å få ei avklaring for kva som skal skje vidare. Eitt av krava blir ei biologisk kartlegging av området.

Spesielt i Rogaland
— Alternativet kan vere å dele reguleringa i to og ta ut strandsona for å unngå tidstap for bustadfeltet. Det må ein vurdere, seier Heggebø.
Dersom kommunen står fast på at strandsona skal bli båthamn, og fylkesmannen ikkje lar seg overbevise om at ulempene er til å leve med, blir det ei langvarig ankesak som må opp i departementet.
Fylkesmannen forstår godt at kommunen vil leggje til rette for attraktive, aktivitetsorienterte friområde nær eit bustadfelt. Pluss at Miljøvernavdelinga ser behovet for ei båthamn i ein sjøorientert kommune.
Men dei stiller spørsmål om det er i strid med den nasjonale politikken om å redusere nedbygginga av strandsona. Det blir også vist til at det er få tilsvarande område i Rogaland der eit uberørt landareal med preg av strandeng går over i ei langgrunn flo–fjøre-sone.

Samle utbygging
— Tilgang til sjøen er ein av fordelane ved å bu i Ølen. Båthamn kan gjere bustadfeltet endå meir attraktivt. Det er etter kvart blitt mange naust utover mot Dreganes. Å samle utbygginga i ei båthamn ser eg på som eit grep for å ta vare på strandlinja i kommunen, seier Heggebø.
Men fylkesmannen er altså skeptisk til om dette er den rette strandlinja å byggje ut. Dei viser også til at området heller ikkje er veleigna til båthamn fordi det er temmeleg langgrunt frå elveosen og ut i denne bukta.