Miljøpris for bygde-Noreg

Men uansett om det er marknaden eller politikken som styrer prisen oppover, kan ein for […]

Men uansett om det er marknaden eller politikken som styrer prisen oppover, kan ein for høg bensinpris skape heilt uhaldbare tilhøve for bygde-Noreg, både for dei som bur der og for næringslivet.

Bygde-Noreg er meir prisgitt privatbilismen fordi kollektivtransport ikkje er eit reelt alternativ i dag, pluss at potensialet for at det kan bli det, er langt mindre i bygde-Noreg enn i byane.
Det er ikkje anna å vente enn at delar av miljørørsla får ein kald skulder frå folk flest når miljøforkjemparane lanserer ein skyhøg bensinpris for å spare miljøet utan å gi eit svar på korleis ein skal unngå at det rammar usosialt, og dessutan straffar dei delane av landet som har minimalt med kollektive tilbod.
I dag er arbeidsmarknaden mobil, og ein kan neppe snu tida tilbake med det første.

Nordmenn flest seier dei er villige til å endre livsførsel for å redde miljøet. Men det er langt færre som vil godta høgare skattar og klimaavgifter for å oppnå dette målet. Det viser at vi kanskje ikkje er så villige til å ofre så mykje når det kjem til stykket.
Dermed oppstår også tvilen om kor reelt ansvar vi tar for at dei neste generasjonane skal sleppe å leve under heilt ekstreme klimatilhøve på grunn av dagens skadelege utslepp.
Men sjølv om det ligg eit personleg ansvar i klimautfordringa, må samfunnet ta eit ansvar for at prisen for miljøtiltaka ikkje rammar nokon meir enn andre. Ein einsidig prismekanisme for å få ned utsleppa frå bilparken, vil først og fremst ramme dei som har minst å rutte med, og dei som bur slik at dei har få kollektive alternativ å velje i.