Millimeter frå NM-gull

Lørdag skaut 40-åringen banefinale. Johannes prikka inn 100 og enda opp med 340. For første […]

Lørdag skaut 40-åringen banefinale. Johannes prikka inn 100 og enda opp med 340. For første gong sikra han seg medaljen som heng så høgt i Landsskyttarstemne-samanheng.
Det har opp gjennom åra blitt mange pokalar og trofé på gardbrukaren. Medaljen han fekk i Troms blir verdsett høgare enn desse utmerkingane. For nok ein gong var Hundseid best når det gjaldt. Turen og opphaldet i landets nordlegaste landsdel, blei ein stor opptur for den rutinerte skyttaren. Femteklassingen hadde på førehand ikkje sett for seg at han skulle vere med og kjempe om NM-gullet i feltskyting. Heller ikkje få med seg medalje i baneskytinga.
Små marginar
Han har all mogleg grunn til å vere stolt over prestasjonane i Øverbygd. Samtidig er det litt bittert å tenke på at det var ytterst lite som skilde han frå det øvste trinnet på sigerspallen.
— Eg var faktisk berre eitt innartreff frå å vinne heile greia på feltskytinga. Det var snakk om nokre få millimeter. Forsto det var sjansar då den eine førehandsfavoritten etter den andre skuffa. Merka allereie på dei første seriane at eg hadde god kontroll på holda. På siste omskyting blei farten sett opp. Måtte ta fleire sjansar då me fekk mindre tid til rådvelde. Eg syntest likevel eg klarte meg bra, sa Hundseid då det var tid for å oppsummere innsatsen.
Større motivasjon
— Eg har trena litt på å skyte i slik fart. Fekk betalt for det sjølv om trening og stemne er to forskjellige ting. Spesielt når du er med og skyt om gjævaste medaljen i Landsskyttarstemnet. Det blir ei anna setting når du skyt på trening utan noko som helst press, sa Hundseid.
Han har til liks med LSS-deltakarar flest, slite med og hente ut sitt beste i landets største og mest prestisjefylte stemne. Det losna i Øverbygd der det var nesten 4.000 deltakarar. Den gode kjensla og dei flotte opplevingane tar han med seg vidare. Lysta og motivasjonen til å satse videre er større enn nokon gong. Hundseid har dei siste åra fått eit løft som skyttar.
Favorittane skuffa
— Eg har bevist overfor meg sjølv at det er fullt mogleg å ta opp kampen med dei beste. Det var kjekt å skyte banefinale på laurdag. Den opplevinga lever eg ei god stund på, sa den sympatiske skyttaren.
Hundseid sitt namn figurerte øvst på resultatlista då laget hans var ferdig med skytinga. Etnebuen innrømmer at han var litt stolt då han gløtta på den svære resultattavla på stadion. Denne gongen var det mange i kongelaget som skuffa.
— Eg og dei andre som låg litt bak hadde ein liten fordel. Det var på langt nær like stort press på oss som hadde eit dårlegare utgangspunkt i finalen. Du skal vere mentalt sterk for å prestere i ei slik setting. Mange mister både fokus og konsentrasjon, avslutta ein nøgd Hundseid.